Forlik i Torbas
KORTVARIG EIGE: Striden om verdsettinga av fiskebåtreiarlaget gjorde mellom anna av fiskebåten "Torbas" (biletet) var seld ut av reiarlaget berre to år etter at den blei levert.
Nytt

Forlik i Torbas

Tore Lyng har inngått forlik med broren Agnar og Kvalsvikfamilien om fiskebåtreiarlaget Torbas.

13.03.2018
Agnar Lyng løyser ut broren Tore frå fiskebåtreiarlaget Torbas i Vågsøy saman med Sigmund Magnus, Per Jan og Marvin Kvalsvik.
Partane skulle møtas i retten i april. Den rettsaka er avlyst, etter at partane forhandla seg fram til eit forlik som mellom anna inneber at partane ikkje går ut med kva reiarlaget er verdsett til.
Agnar Lyng - som først skreiv om forliket - at prisen i forliket er slik at begge partar sannsynlegvis er like misnøgde.

500 millionar

NETT NO har tidligare skrive at fiskekvotane i reiarlaget har ein verdi på rundt 500 millionar kroner.

Brødrene Lyng eigde knappe 40 prosent kvar i reiarlaget, og i følgje Fjordenes Tidende var kravet frå Tore Lyng å bli løyst ut av selskapet for 275 millionar kroner, noko som verdsette selskapet - med båtar og kvotar - til 690 millionar kroner.
Etter forliket eig Agnar Lyng og familien to tredjepartar i selskapet og Kvalsvikfamilien ein tredjepart.

Selde båt

Striden om kva Tore Lyng skulle løysast ut for førte mellom anna til at selskapet Torbas selde fiskebåten med same namn vinteren 2017, berre to år etter at den vart levert.
Dåpen vart feira med middag, revy og dans for 250 gjestar i januar 2015.
Byggeprisen for Torbas var 200 millionar kroner og reiarlaget hadde planar om å samle alle kvotane i selskapet på Torbas og fiske berre med ein båt.

Ventar og ser

No driv eigarane av reiarlaget fiske med to båtar, Andrea L og Gambler.

No vil eigarane i følgje Fjordenes Tidende sjå an den politiske utviklinga før dei tek stilling til eventuelt nybygg og samanslåing av kvotar på eitt farty.
Det dei ventar på er ei avklaring frå Regjeringa og Stortinget mellom annan om kor store fiskekvotar som kan samlast på kvart farty.

Publisert: 13.03.2018 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19