Forskarar har tru på jordbær i tunnelI
Kan vere framtida for jordbærnæringa.
Norske jordbærprodusentar slit med våte somrar og sjukdomspress. For å sikre stabile avlingar av høg kvalitet er det nødvendig å bli mindre vêravhengige og ha meir kontrollerte produksjonsforhold, og det har ifølgje Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) ført til aukande interesse for tunnelproduksjon av jordbær.
– Nye teknologiar, inkludert fysisk plantevern i staden for kjemisk, og auka kompetanse gjer at jordbærproduksjon i tunnel gir større moglegheiter for lengre jordbærsesong og meir berekraftig drift, seier seniorforskar Anita Sønsteby på Nibios nettside.
Får lenger sesong
Sønsteby har leia forskingsprosjektet BærKraft som har sett på nye økonomisk og miljømessig berekraftige løysingar for auka dyrking av jordbær i plasttunnel.
Å auke arealet av norsk jordbærproduksjon under tak vil mellom anna gjere det mogleg å forlengje sesongen og å dyrke bær på nye stader der vêrforholda ikkje ligg like godt til rette, påpeikar Nibio.
Bærdyrking i tunnel er allereie ein trend internasjonalt. I Storbritannia er til dømes 75 prosent av jordbærproduksjonen flyttet fra friland til tunnel.
Publisert: 06.01.2022 19:40
Sist oppdatert: 07.01.2022 08:38