Hywind Tampen ill Equinor
HAVVVIND-ANLEGG: Illustrasjon av vindkraftprosjektet Hywind Tampen. Illustrasjon: Equinor
Nytt

Forskarar skal finne ut om havvindmøller tiltrekkjer seg fisk

– Dei håpar nok på å finne gode skjulestadar og mat.

13.02.2023

NPK/NETTNO: Havforskingsinstituttet (HI) skal undersøkje korleis installasjonane på utbyggingsfeltet for havvind i Nordsjøen påverkar pelagisk fisk.

– Vi veit at flytande ting kan tiltrekkje seg fisk. Dei håpar nok på å finne gode skjulestadar og mat. Strukturar i havet, som berg eller installasjonar, veks det ofte organismar på – som er mat for andre. Slike fysiske barrierar stoppar også gjerne havstraumane, dannar turbulens og bakevjer, der plankton blir samla opp, forklarar forskar Anne Christine Utne Palm i ei sak på nettsida til instituttet.

For å finne ut om fisken søker til dei flytande vindturbinane, set forskingsfartøyet G.O. Sars i mars kursen mot området der Equinor byggjer ut Hywind Tampen-anlegget i Nordsjøen.

Anlegget skal bestå av 11 flytande vindturbinar, forankra til botnen med sugeanker, og blir det første i norsk sone av Nordsjøen. På toktet skal forskarane undersøke havbotnen med undervassfarkostar og tråle for å kartlegge kva fisk som passerer.

ObservasjonspIattform
I løpet av våren håpar Havforskingsinstituttet å få på plass ei eiga observasjonsplattform med mellom anna ekkolodd og hydrofon, i tillegg til ei større flytebøye med kamera og ulike sensorar.

Då kan dei få ferske data om det meste; kor mykje lyd turbinane lagar, kor mykje stråling det kjem frå dei elektriske kablane, kor salt sjøen er, kor høg temperaturen er og kva fisk og andre dyr som kjem forbi.

Årsmøtetema
Konsekvensen av utbygging av vindkraftverk til havs er tema på bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt sitt årsmøte, som startar i Oslo tysdag 14. februar.

"Fleire næringar har vist interesse for å ta i brukt havet. Mest framme i debatten er utbygging av vindkraft, men også utvinning av mineralar og offshore fiskeoppdrett aktuelle næringar, og difor naturleg tema på Fiskebåt sitt årsmøte. Innleiarar til dette temaet blir statssekretær i Olje- og energidepartementet Elisabeth Sæther (Ap), Fredrik Myhre i WWF og Hanna Bauge frå Fiskebåt", skriv Fiskebåt i årsmøteprogrammet.

Publisert: 13.02.2023 12:51

Sist oppdatert: 13.02.2023 14:27