NTB QVYTH8c18y0 IKKJE BRUK
VIL IKKJE OMBESTEMME SEG: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) forsvarer skatteendringane som havbruksnæringa har protestert høglydt mot. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Forsvarar oppdrettskatt

Vedum forsvarer skatteauken for havbruksnæringa.

NPK
17.12.2021

NPK-Sveinung Engeland: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum forsvarer skatteauken for familieeigde havbruksselskap som næringa har karakterisert som ei distriktsfiendtleg skattebombe.

Vedum seier at regjeringa no gjer ei viktig opprydding i formuesskatten når det gjeld oppdrettsløyve.

– Det vert teke tak i ein uheldig praksis som bidreg til å hole ut grunnlaget for formuesskatt, og inneber ei vilkårleg ulik behandling av ulike skattepliktige, skriv finansministeren i eit skriftleg svar på eit spørsmål frå stortingsrepresentant Alfred Bjørli (V).

Solberg-forslag
Finansministeren poengterer at endringa opphavleg vart foreslått av Solberg-regjeringa og at Støre-regjeringa berre vidarefører dette.

I tillegg til at oppdrettsløyve frå årsskiftet skal skattleggast etter marknadsverdi, noko som slår ut for familieeigde mindre bedrifter som ikkje er på børs, er satsane for formuesskatt og utbyteskatt auka.

Ifølgje Vedum inneber dei nye formuesskattesatsane at eigarane av mindre oppdrettsselskap får 900.000 kroner meir i skatt enn dei ville fått med Solberg-regjeringa.

– Dette stemmer med det vi har kome fram til og inneber ei dobling av skattebyrda, seier Alfred Bjørlo i Venstre.

Med auka utbytteskatt blir skatten tredobla samanlikna med det den førre regjeringa la opp til, hevdar Bjørlo.

– Vil omfordele
I svaret sitt forsvarer Vedum at skattesatsane vert sette opp.

– Denne regjeringa ynskjer å omfordele meir enn Solberg-regjeringa. Vanlege folk med vanlege inntekter skal betale mindre skatt, medan dei med størst inntekter og formuar skal bidra litt meir. Då blir skattesystemet meir rettferdig, samstundes som vi kan tilby gode velferdstenester i heile landet.

Alfred Bjørlo er skuffa over svaret:

– Eg skjønar at Vedum ikkje utan vidare kan gjere om på alt det Ap, Sp og SV er blitt samde om i budsjettforhandlingane. Men eg skulle ønskt at han kunne erkjenne at utslaga blir for store fore små oppdrettarar og at dette er noko han vil sjå nærmare på framover, seier Bjørlo.

Sp-protestar
Fleire Senterparti-styrte kommunar langs kysten har den siste tida protestert mot skatteskjerpinga som er varsla for havbruksbedriftene. Gulen formannskap og Solund kommunestyre vedtok nyleg eit opprop som er send til Stortinget og regjeringa.

I oppropet vektlegg dei at endringane medfører at dei familieeigde havbruksselskapa på papiret får ein kunstig, høg verdi og ein langt høgare formuesskatt.

– På toppen kjem ein stor auke i skattesatsen på formue og utbytte, noko som samla går hardt ut over investeringar og framtidsplanar. Bufferen for å overleva dårlege tider i bransjen vert betydeleg redusert, sidan pengar må takast frå drifta og utviklinga for å betale skatteauken. I praksis snakkar ein om ein skatt som premierer utanlandsk eigarskap og børs, og som pulveriserer aktivt, lokalt eigarskap, heiter det i oppropet.

Publisert: 17.12.2021 14:18

Sist oppdatert: 17.12.2021 14:18