Framleis haap om ny simulatordrift
KONKURS: Fosnavåg Ocean Academy vart opna i 2011, men melde oppbod i desember i fjor etter fleire års underskot. 
Nytt

Framleis håp om ny simulatordrift

Arbeidet med å finne nye drivarar til konkursråka senter, er sett på vent grunna koronapandemien.

Marius Rosbach
05.08.2020
Bustyrar Thore Heggen har likevel ikkje gitt opp håpet om å finne nye drivarar til simulatorsenteret i Fosnavåg.
Heggen hadde møter med ulike aktørar som kunne vere interesserte i å bidra til vidare drift av simulatorsenteret i lokala der Fosnavåg Ocean Academy heldt til.
– Det låg såleis føre gode tankar om korleis ein kunne ta dette vidare, men grunna koronapandemien har det vore nødvendig å avvente situasjonen, fortel Heggen til NETT NO.
Etter det NETT NO kjenner til, kom interessa frå lokale aktørar.

Spesialbygd seksjon

Simulatorsenteret heldt til i ein eigen seksjon i sentrumsbygget som husar kino, konsertsal og hotell i Fosnavåg. Seksjonen er spesialbygd for anlegget og Heggen meiner den beste måten å sikra verdiane på, er å finne ein aktør som vil drive vidare på staden.
Bustyraren håpar det er mogleg å kome vidare med prosessen innan rimeleg tid, men har forståing for at aktørane som kan vere interesserte i å involvere seg, har behov for betre oversikt over pandemisituasjonen og konsekvensane av denne.
– Per i dag er det sikra leigeinntekter på lokala. Det dreiar seg om kontorplassar, men også utleige av sjølve simulatorutstyret, fortel Heggen.

Konkurs i fjor

Simulatorsenteret blei bygd for å tilby kurs til mannskap på offshoreskip, men blei råka både av fallet i offshoremarknaden og ei regelendring som reduserte etterspørselen etter trening i simulator.
Trass fleire forsøk på å sikre lønsam drift, mellom anna å få brønnbåtreiarlaget Sølvtrans inn som medeigarar, lukkast ikkje selskapet å drive i pluss, og i desember i fjor bestemte styret seg for å kaste inn handkleet og melde oppbod til Sunnmøre tingrett.

Les også:



Publisert: 05.08.2020 10:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00