Framleis tap ved Heroeyterminalen
TORVIK: Herøyterminalen har vore eit tapsprosjekt for dei islandske eigarane. Dei vil gjerne selje.
Nytt

Framleis tap ved Herøyterminalen

Dei islandske eigarane prøver å selje, men boda er for lave.

19.07.2019
- Vi har fått bod, men ikkje på eit nivå som er interessante.
Det skriv adm. dir. Ronny Moan i Vónin Refa i ein epost til NETT NO.
Det islandske selskapet har eigd Herøyterminalen sidan 2011, og vil gjerne selje.
- Vi driftar vidare, og så får vi sjå kva framtida bringer, skriv Moan.
Herøyterminalen har ikkje levert overskot sidan 2000.
I 2018 vart resultatet frø skatt minus 0,4 millionar kroner av ei omsetning på 3,6 millionar.
Inntektene skriv seg i hovedsak frå avtalen med Hurtigruten, som har fast anløp ved Herøyterminalen.
I tillegg er det kaileige til to PSV-ar.
Dei to offshoreskipa vart overtatt av det britiske selsjkapet Borealis Maritime, men skipa ligg framleis ved terminalen i Torvika.

Publisert: 19.07.2019 15:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37