rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Frifunne for søksmål frå tidlegare partnar

Advokatfirma dømt til å betale sakskostnader.

Marius Rosbach
11.03.2024

Møre og Romsdal tingrett har frifunne Are Opdahl mot eit søksmål frå hans tidlegare arbeidsgivar advokatfirmaet Advocator i Ålesund.

Firmaet ved styreleiar Jahn Waage Aurdal er samtidig dømt til å betale sakskostnader til Opdahl på knappe 289.000 kroner. Det kom fram i dommen frå tingretten som blei offentleg måndag.

Opdahl var i korte trekk saksøkt for kontraktsbrudd. Advokatfirmaet meinte han hadde jobba for lite for firmaet, og at inntekter frå enkeltpersonføretaket skulle vore ført i selskapet.

Saksøkjar bad tingretten om å kome til ein passande sum i erstatning for det økonomiske tapet. Det fekk dei altså ikkje.

Fleire advokatar braut ut
Bakgrunnen for søksmålet er at Aurdal og Opdahl i starten av 2021 starta advokatfirmaet Advocator i Ålesund.

Undervegs skar det seg mellom partane. I retten teikna tidlegare tilsette eit bilde av eit firma med høgt konfliktnivå, dårleg arbeidsmiljø og ein rekke sjukemeldingar. Konfliktane skal ha ført til at Opdahl sa opp selskapsavtalen hausten 2022.

I ettertid braut også fleire advokatar ut og starta Tinde Advokatfirma. Det har tidlegare vore strid i retten om advokatane sine telefonnummer.

Hadde betydeleg anna inntekt
Dommen viser til at Opdahl hadde andre verv ved sidan av å vere partnar i advokatfirmaet, og at dette ga betydelege inntekter.

Spørsmålet er om dette braut med selskapsavtalen som låg til grunn for oppstarten av Advocator.

Noko av stridens kjerne er kva partane har lagt i at partane kunne drive anna næringsverksemd av «begrenset omfang» - slik det er formulert i avtalen mellom partane.

Opptråde ikkje aktlaust
Under rettssaka viste det seg at Opdahl og Aurdal hadde motstridande tolkingar av dette punktet.

Etter at retten mellom anna har vurdert ordlyden i avtalen opp mot rettslege utgangspunkt for slike avtaler, bakgrunnen for avtalen og korleis den er etterlevd – konkluderer retten med at advokaten ikkje har opptråd aktlaust på ein slik måte at det utløyste grunnlag for erstatning.

Publisert: 11.03.2024 19:29

Sist oppdatert: 11.03.2024 19:38

Mer om