Rune Taklo II Frislid 2023 foto Ogne
VALUTAPROBLEM: Kursutvikling på norske kroner gjer innkjøpa dyrarare for Rutne Taklo i Frislid Konfeksjon. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Held att på prisauken

Rune Taklo i Frislid Konfeksjon tek deler av valutasmellen sjølv.

31.05.2024

Allereie i 2015 snakka Frislid Konfeksjon Rune Frislid om utfordringa med ei svakare krone, og den utfordringa er framleis ikkje over.

Ein svakare kronekurs gjer import dyrare. For Frislid Konfeksjon, som får alle sine plagg produsert i utlandet, betyr svakare krone at plagga blir dyrare i innkjøp. Med unntak av dei siste vekene har krona blitt ytterlegare svekka mot euro i løpet av det siste året. Euro er valutaen Frislid Konfeksjon betalar med.

Frislid er redd salet vil svikte om han aukar prisane i takt og samstundes med den ugunstige utviklinga i kronekursen. Skulle han kompensert for valutaeffekten fullt ut ville dressane, jakken og buksene frå Frislid Konfeksjon vore 10 prosent høgare enn i dag.

Redusert lønsemd
Når han held att på prisauken går det ut over lønsemda (sjå tabell).

- Det er vanskeleg å tene pengar når krona stadig svekkar seg, og kostnadane ellers stig, seier Taklo.

Slik det ser ut no reknar han med at det vil ta to-tre år før selskapet har løfta lønsemda opp til det nivået Taklo meiner det bør ligge på.

Under koronapandemien tok Frislid Konfeksjon opp lån for å klare seg gjennom krisa.

Den gongen var renta 2,5 prosent. No er den 7,5 prosent og ei dobling av finanskostandane - til 2,5 millionar kroner - krympar også lønsemda.

Trøysta er at selskapet traff godt med modellane sine i fjor, og auka salet. Også i 2024 har salet gått godt.

Finskeigd selskap
Frislid Konfeksjon eig butikkselskapet Frislid Herreekvipering på Nordfjordeid, og er sjølv eigd av det finske klesselskapet Oy Turo Tailor.

Frislidfamilien på Nordfjordeid selde verksemda si til finske Turo Tailor i 2000. Turo Tailor var den dominerande aktøreren i den finske marknaden for dressar, jakker og bukser.

Med sin dominerande marknadsandel fekk det finske selskapet det tøft etterkvart som konkurrransen frå utanlandske aktørar auka. I 2011 var Taklo ein av fem leiarar i konsernet som kjøpte selskapet, og eig no 24,5 prosent i konsernet.

Dei to selskapa samarbeider tett. Plagg som i Noreg vert selde under varemerket Frislid har i Finland Turo Tailor som varemerke. Sidan finnane bytta finske mark ut med euro har det finske selskapet ikkje den valutautfordringa Frislid Konfeksjon har i Noreg, og auka lønsemda si i fjor, sjølv om inntektene vart redusert (sjå tabell).

(Rekneskapstala for Oy Turo Tailor er i euro)

Frislid Konfeksjon as
Tall i mill. kroner20232022
Driftsinntekt55,951,6
Driftsresultat2,8

5,4

Resultat før skatt1,25,9
Frislid Herreekvipering as
Tall i mill. kroner20232022
Driftsinntekt7,17,9
Driftsresultat0,61,3
Resultat før skatt0,41,2
Oy Turo Tailor AB
Tal i mill. Euro.20232022
Driftsinntekt7,07,3
Driftsresultat1,31,4
Resultat etter skatt0,90,9

Publisert: 31.05.2024 14:14

Sist oppdatert: 31.05.2024 16:54

Mer om