Rune Taklo Frislid foto Ogne
TRUDDE PÅ SNARLEG BETRING: Trua på at ting vil bli betre innan tre månadar motiverte Rune Taklo til å halde ut gjennom koronatida. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nesten knock-out av korona

- Etter tre år byrjar det å bli moro igjen, seier Frislid-sjef Rune Taklo.

10.04.2023

Alle på heimekontor, utsette bryllup, ingen reiser og ingen store festar. Til og med kor mange som kunne delta i gravferder, var det restriksjonar på.

For eit firma som lever av å selge dressar, jakker, bukser og finskjorter, kom koronapandemien i 2020 som eit overraskande slag rett i ansiktet.

16. mars 2020 - ein mandag fire dagar etter at regjeringa hadde stengt ned store deler av aktiviteten i Noreg for å dempe smittespreiing av koronaviruset - kansellerte to store kjeder alle bestillingar frå Nordfjord-bedrifta.

Det utgjorde omlag 70 prosent av omsetninga til Frislid Konfeksjon. Vår og sommar-kolleksjonen til Frislid var klar, men det aller meste var framleis på lager på Nordfjordeid, eller undervegs dit.

- Eg trur ikkje eg hadde fått ut 10 prosent av det, seier Taklo.

Inntektsstraumen vart skrudd igjen
Strengt tatt kunne Taklo sett hardt mot hardt i og med at klesplagga allereie var bestilte av klesbutikkane - men då risikere både å øydelegge godt etablerte tilhøve til kundane og sende dei rett i konkurs. I realiteten var ikkje det eit alternativ.

Eg har sikkert blitt ti år eldre på to år
Rune Taklo

Også haustkolleksjonen var bestilt. Taklo sat både med ein kolleksjon han allereie hadde betalt for, og stoff og avtalar om sying han skulle betale for. Samstundes vart inntektsstraumen skrudd igjen.

- Har sikkert blitt ti år eldre på to år
Det var krise. Og den varte mykje lenger enn Taklo frykta.

- Eg har sikkert blitt ti år eldre på to år, seier Taklo.

At Frislid Konfesjon i 2019 før første gang gjekk med underskot forsterka problema. Underskotet skuldast at selskapet valde å kjøpe seg ut av sine siste agenturavtalar i 2019.

Tok opp kriselån
Det blei eit problem i 2020, fordi berre bedrifter som kunne vise til overskot i 2019 var kvalifiserte til dei første støtteordningane som blei innført for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.

Først då ei ordning med koronalån kom på plass var Frislid sikra kapital til å halde det gåande - ei stund. Selskapet lånte 11,5 millionar kroner, men kunne ikkje vite om det var i stand til å betale attende.

- Eg føler ikkje akkurat at eg står på toppen av pallen, sa Taklo då lånet var sikra.

Pengar til Finland
Frislidfamilien selde verksemda si til finske Turo Tailor i 2000. Turo Tailor var den dominerande aktøreren i den finske marknaden for dressar, jakker og bukser.

Med sin dominerande marknadsandel fekk selskapet det tøft etterkvart som konkurrransen frå utanlandske aktørar auka. I 2011 var Taklo ein av fem leiarar i konsernet som kjøpte selskapet, og eig no 24,5 prosent i konsernet.

Snuoperasjonen dei sette i gang tok imidlertid lenger tid enn venta og medverka til at midlar frå den norske verksemda gjekk med til å hjelpe verksemda i Finland. Det medverka til at Frislid var meir sårbar då koronpandemien kom, enn om selskapet hadde vore utan vanskane i Finland.

Frå 2018 har imidlertid den finske verksemda gått bra, seier Taklo.

Turo Tailor og Frislid har eit tett samarbeid om design og innkjøp. Mange av plagga med Frislid-logoen på finn du att i finske butikkar, men då med Turo Tailor-logoen på.

Såg tre månadar fram
Å kaste korta og gå til skifteretten har han tenkt på ofte dei siste åra.

Hadde han visst kor langvarig og strevsomt det skulle bli, hadde han gjort det også.

Koronapandemien gjorde først at etterspørselen stupte og deretter til krøll i forsyningskjedene. Frå å vente i veker på stoff og plagg blei det månader. Prisauke på alle varer og ein svak norsk krone skapte nytt hovudbry.

Rune Taklo II Frislid 2023 foto Ogne
MEDEIGAR: Rune Taklo eig 24,5 i finske Turo Tailor, som eig Frislid Konfeksjon, og driv tilsvarande verksemd som Frislid i den finske marknaden. Foto: Ogne Øyehaug

Frislid produserte på Nordfjordeid heilt fram til 2013, og var den siste fabrikken i sitt slag som flagga ut produksjonen. Stoffa kjem i stor grad frå veveri i Italia, medan plagga blir sydd i Aust-Europa. Ei svak krone gjer importvarer dyrare, og den effekten har selskapet framleis ikkje fullt ut sendt vidare til kundane.

Det som held motet oppe og bedrifta i gang var trua på at om tre månadar fram i tid skulle det lysne.

- Eg har aldri jobba så mykje for så lite i heile mitt liv, og er kjempeglad for støtta frå dei andre tilsette som lojalt har gjort det som trengst for å kome gjennom dette, seier Taklo.

Rekordår i 2022
Når 2022-tala til Frislid Konfeksjon blir offentlege vil dei vise dei høgaste driftsinntektene målt i kroner selskapet nokon gong har hatt. Den førre rekorden er frå 1998 - 51,5 millionar kroner. I 2021 var driftsinntektene 33,6 millionar, i 2020 28,2 millionar.

Rekorden i fjor kom trass i at koronarestriksjonar i starten av året, og effekten av krig og auka kostnadar slo brått inn i slutten av året.

- 4. oktober 2022 var det som å slå av ein brytar, seier Taklo.

2023 har derimot starta bra.

- Vi har eit kjempegodt førehandssal denne våren og også til komande haust/vinter, og butikkane verkar særs nøgde med kolleksjonane, så dette lovar bra, seier Taklo.

Likevel er han usikker på korleis 2023 blir. Det avgjerande er om kundane ute i butikkane kjøper det som Frislid har fått produsert og sendt ut til butikkane.

Rask og kortliva mote er korkje bra for miljø eller lommebok. Difor laga Frislid plagg som skal passe i motebildet i fleire sesongar, seier Taklo. Om plagga blir hengande på klesstativa i butikkane i år vil difor mange butikkar lagre dei til neste sesong og kjøpe inn mindre til neste år.

Publisert: 10.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 05.11.2023 18:01

Mer om