Per vidar kjølmoen frank sve debatt foto maritimt forum 11
NULL STØTTE: Stortingsrepresentant Frank Sve (t.h.) frå Frp lovar at partiet ikkje vil støtte fleire kraftkablar til utlandet. Her er han i valkampdebatt med Aps Per Vidar Kjølmoen.
Nytt

Frp-anger i straumpolitikken

– Vi har vore med å gjere feil, seier Frps energipolitiske talsperson Frank Sve.

06.01.2022

NPK-NTB: Framstegspartiet har både støtta bygging av kraftkablar til England og Tyskland og støtta innmelding i EUs energibyrå Acer. No angrar partiet.

– Vi har vore med å gjere feil. Vi skulle ikkje ha bygd dei kablane. Og vi skulle ikkje meldt oss inn i Acer. Det er gode grunnar til at vi ikkje bør melde oss inn i EU, og då bør vi heller ikkje gjere det via bakdøra, seier Frps energipolitiske talsperson Frank Sve til Klassekampen.

Ikkje for seint å snu
Han meiner det er altfor få i politikken som innrømmer feil, og har ikkje problem med å innrømme at dei har gjort feilvurderingar.

– Vi gjer feil, men det er ikkje for seint å snu, seier Sve.

Nei til hybridkablar
I regjeringa er det no usemje mellom Ap og Sp om å kople seg ytterlegare til den europeiske kraftmarknaden ved såkalla hybridkablar. Havvindutbyggjarane meiner det er avgjerande for å gjere eit norsk havvindeventyr lønnsamt.

Dei kan ikkje rekne med støtte frå Frp.

– I den grad det skal byggjast havvind i Noreg, skal krafta komme norsk industri og norske straumkundar til gode, seier Sve, og gjer det klart at Frp vil kjempe mot alle nye utanlandssamband.

Publisert: 06.01.2022 08:40

Sist oppdatert: 06.01.2022 08:40