(NPK-NTB-Isabel Bech-NETT.NO) Produksjonen i to lakseoppdrettsområde på Vestlandet må reduserast på grunn av lakselus, har regjeringa bestemt.
– Det blir ei kollektiv avstraffing. Nokre oppdrettsanlegg er meir utsette enn andre, og no blir me straffa på grunn av anlegga i området vårt som ikkje handterer lus like godt som me, seier Nils Tore Karstensen i E. Karstensen fiskeoppdrett i Florø til NRK.
Styreleiar i Sjømat Norge, Inger Marie Sperre, fortel til NRK Møre og Romsdal at det er vanskeleg å akseptere ei inndeling der alle oppdrettarar i dei raude områda blir råka.
– Det kjennest nok tøft og vanskeleg ut for oppdrettarar som jobbar hardt med å redusere sine lusepåslaget i si merd, eller oppdrettsanlegg, at viss naboen ikkje er så oppteken av å jobbe med miljøpåverknad, så vil du få reduksjon i din produksjon, seier Sperre til NRK Møre og Romsdal.
– Me vil no for første gong redusera produksjonskapasiteten i desse områda for at villaksen skal få betre forhold, sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) då forslaget blei lagt fram tysdag.
Regjeringa meiner utviklinga i området Andøy til Senja er urovekkjande. Utviklinga i området har vore negativ, og påverknaden frå lakselusa har gått frå låg i 2018 til moderat i 2019.
Resten av dei ni oppdrettsområda av laks, aure og regnbogeaure er såkalla grøne soner og kan auka kapasiteten inntil 6 prosent.
– Det er kort og godt ingen nåde for villaks og sjøaure i Hardangerfjorden. No blir det to år til med liding for dei allereie hardt prøvde bestandane i Hardanger, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver.
Samanlikna med 2017 har talet på grøne soner auka frå åtte til ni. Også førre runde var det to raude område, men dette er første gong desse områda blir bedne om å ta ned produksjonen.
– For første gong får det raude lyset konsekvensar. Dette gjer me av omsyn til miljøet, seier fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen (H).
To raude soner er for mykje, meiner Sjømat Noreg. Målet dei neste to åra er at desse to sonene skal gå over til grøn sone, seier direktør for havbruk Jon Arne Grøttum.
(©NPK)
– Det blir ei kollektiv avstraffing. Nokre oppdrettsanlegg er meir utsette enn andre, og no blir me straffa på grunn av anlegga i området vårt som ikkje handterer lus like godt som me, seier Nils Tore Karstensen i E. Karstensen fiskeoppdrett i Florø til NRK.
Styreleiar i Sjømat Norge, Inger Marie Sperre, fortel til NRK Møre og Romsdal at det er vanskeleg å akseptere ei inndeling der alle oppdrettarar i dei raude områda blir råka.
– Det kjennest nok tøft og vanskeleg ut for oppdrettarar som jobbar hardt med å redusere sine lusepåslaget i si merd, eller oppdrettsanlegg, at viss naboen ikkje er så oppteken av å jobbe med miljøpåverknad, så vil du få reduksjon i din produksjon, seier Sperre til NRK Møre og Romsdal.
Heile Nordvestlandet i raud sone
Produksjonen må reduserast med 6 prosent i Nordhordland til Stad i Vestland (sone 4) og Stad til Hustadvika i Møre og Romsdal (sone 5) på grunn av for mykje lakselus i områda.– Me vil no for første gong redusera produksjonskapasiteten i desse områda for at villaksen skal få betre forhold, sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) då forslaget blei lagt fram tysdag.
Les også
:Urovekkjande utvikling
Regjeringa deler inn oppdrettsområda i grøne, gule og raude soner. I dei raude sonene må altså produksjonen reduserast. I gule område blir produksjonskapasiteten halden på staden kvil. Dette gjeld områda frå Karmøy i Rogaland til Sotra vest for Bergen og frå Andøya i Nordland til Senja i Troms.Regjeringa meiner utviklinga i området Andøy til Senja er urovekkjande. Utviklinga i området har vore negativ, og påverknaden frå lakselusa har gått frå låg i 2018 til moderat i 2019.
Resten av dei ni oppdrettsområda av laks, aure og regnbogeaure er såkalla grøne soner og kan auka kapasiteten inntil 6 prosent.
Uro for villaksen i Hardangerfjorden
Organisasjonen Norske Lakseelver er oppgitt over at området Karmøy til Sotra slepp å ta ned produksjonen. Førre runde i 2017 fekk området strykkarakter, men er no i gul sone og kan dermed halda fram med å halda produksjonen på same nivå.– Det er kort og godt ingen nåde for villaks og sjøaure i Hardangerfjorden. No blir det to år til med liding for dei allereie hardt prøvde bestandane i Hardanger, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver.
Fleire grøne soner
Fargesystemet til regjeringa vart tatt i bruk for første gong i 2017. Miljøpåverknaden til havbruksnæringa er avgjerande for om produksjonen kan aukast eller ikkje.Samanlikna med 2017 har talet på grøne soner auka frå åtte til ni. Også førre runde var det to raude område, men dette er første gong desse områda blir bedne om å ta ned produksjonen.
– For første gong får det raude lyset konsekvensar. Dette gjer me av omsyn til miljøet, seier fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen (H).
To raude soner er for mykje, meiner Sjømat Noreg. Målet dei neste to åra er at desse to sonene skal gå over til grøn sone, seier direktør for havbruk Jon Arne Grøttum.
(©NPK)
No blir me straffa på grunn av anlegga i området vårt som ikkje handterer lus like godt som me
Publisert: 05.02.2020 09:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52






