Audun Marak Kare Heggebo arsmote Sor Norges Fiskarlag 2024 foto Ogne Oyehaug
SKILSMISSE: Administrerande direktør Audun Maråk i Fiskbåt (t.v) og styreleiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag på årsmøtet i Sør-Norges Fiskarlag i Ålesund i månadsskiftet oktober/november. På årsmøtet sitt i februar 2025 bør Fiskebåt melder seg ut av Norges Fiskarlag, tilrår styret. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar fiskarane får mindre gjennomslag

- Du blir alltid skuffa når det kjem slike vedtak, seier styreleiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag etter at styret i Fiskebåt tilrår utmelding.

08.11.2024

Kåre Heggebø håpar å samle landsstyret i Norges Fiskarlag allereie neste veke for å diskutere korleis organisasjonen skal reageres på at styret i Fiskebåt  rår til at Fiskebåt-årsmøtet skal vedta utmelding frå Norges Fiskarlag,

Norges Fiskarlag er ein paraplyorganisasjon med tre underorganisasjonar, Sør-Norges Fiskarlag, Nord Fiskarlag og Fiskebåt. Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten. Nord Fiskarlag har sagt nei til å gi frå seg makt og innfri kravet frå Fiskebåt om lik representasjon for dei te underoganisasjonane i Norges Fiskarlag sin styrande organ. Det er bakgrunnen for utmeldinga.

Får konkurranse
Heggebø er redd ei deling av Norges Fiskarlag vil svekke fiskarane sin polititiske innverknad og tvilar på at ein samarbeid mellom ulike fiskeriorganisasjonar vil gi same påverknadskraft som eit samle Norges Fiskarlag.

Han peikar at ei deling vil gi større rom for andre organisasjonar og interesser, og peikar både på ulike verneorganisasjonar, regionale gruopperingar og bransjeinteresse - som til dømes dei som arbeider for gruvedrift på havboten og vindkraft til havs.

-Vi snakkar ikkje lenger med den eine klare røysta som vi har gjort i snart 100 år i Fiskarlaget, seier han om følgjene av ei oppsplitting.

Gå i våt maling
Heggebø seier Norge Fiskarlag kallar inn landsstyret fordi det vidare arbeidet krev ei solid forankring i organisjonen. Difor vil han førebels heller ikkje kommentere kva som er alternativa vidare for å Norges Fiskarlag.

Hans vurdering er at både Nord Fiskarlag og Fiskebåt - som er dei striden står mellom - kan ha malt seg inn i eit hjørne. 

Samstundes håpar han framleis partane kan finne saman, sjølv om han erkjenner at partane i så fall kan oppleve det som å måtte gå i våt maling.

Publisert: 08.11.2024 13:24

Sist oppdatert: 08.11.2024 13:24