Norges Fiskarlag er ein paraplyorgansisasjon for tre organisasjonar, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt.
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten. På årsmøtet i februar i år vedtok Fiskebåt å vurdere altertnativ til på vere medlem i Norges Fiskarlag.
No har styret konkludert, og tilrår årsmøtet i februar 2025 å vedta utmelding. Det skriv Fiskebåt på si eiga nettside.
Fekk ikkje gjennom krav
Langvarig misnøye med maktfordelinga i Norges Fiskarlag er bakgrunnen for at Fiskebåt har vurdere utmelding av Norges Fiskarlag. Fiskebåt sitt krav er lik representasjon i Norges Fiskarlag for dei tre underorganisasjonane, Fiskebåt, Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlaget.
Det er eit krav også Sør-Norges Fiskarlag støttar. Fiskebåt vil også begrense høvet til å foreslå og få gjennom vedtak i Norges Fiskarlag om endringar i fordelinga av fiskekvotane.
Nord Fiskarlag sa nesten samrøystes nei til Fiskebåt sine krav på sitt årsmøte i oktober i år.
Nord Fiskarlag har flest representantar per i dag og dermed negativ fleirtal. Det betyr at Nord Fiskarlag kan blokkere framlegg det ikkje likar. Den makta vil Nord Fiskarlag ikkje gi frå seg.
Peikar på Nord Fiskarlag
Styrevedtaket i Fiskebåt peikar på Nord Fiskarlag som årsak til at styret tilrår utmelding:
"Styret må dessverre konstatere at årsmøtet i Nord Fiskarlag ikke gav den avklaringen som Fiskebåt hadde håpet på, og at Nord Fiskarlag ikke viser noen reell vilje til å nå frem til et omforent resultat i organisasjonssaken. Styret mener Nord Fiskarlag opptrer udemokratisk når de insisterer på at de skal inneha en særstilling i Norges Fiskarlag, til tross for at det er et klart flertall i Fiskarlaget for en likeverdig representasjon. Styret konstaterer at kravet om en særstilling for Nord Fiskarlag hverken er forankret i demokratiske forhold som medlemsoppslutning eller i finansielle bidrag og verdiskapning."
Fiskebåt også irritert over korleis Nord Fiskarlag handla i debatten om regjeringa si kvotemelding, der kvotar blei flytta frå større til mindre fartøy. Nord Fiskarlag har brot med Norges Fiskarlags ressursfordelingsvedtak, og dermed vore med på å undergrave legitimiteten til Norges Fiskarlag og rolla som ein samlande organisasjon for alle fiskarar og fiskebåtreiarlag, meiner Fiskebåt.
Publisert: 08.11.2024 08:49
Sist oppdatert: 08.11.2024 09:53