Tryggestad Kraft m Knut Olav Tveit innfelt
FINSK: Kraftverket på Tryggestad ved Hellesylt (biletet) fekk finske eigarar i 2020. Ei rekkje grunneigarar har seld seg ut av kraftverka sine medan dei som framleis er eigarar risikerer en smell om grunnrenteskatten blir innført. Dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga (innfelt) fryktar konkursar.
Nytt

Fryktar bølgje av småkraft-konkursar

Med grunnrenteskatten forsvinn mykje av eigenkapitalen. Bransjesjef er redd bankane må sette ned foten.

22.10.2025

– Mange vil måtte gå den tunge vegen til til skifteretten, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeningen om konsekvensen av å innføre grunnrenteskatt også for mindre kraftverk.

Med ein grunnrenteskatt på 45 prosent i tillegg til vanleg selskapsskatt reknar Tveit med at utbyggingar som ikkje allereie er i gang no blir lagt på is. 

Relativt låge kraftprisar over ei lengre periode har gjort at økonomien til småkraftverka på Nordvestlandet har vore stram. Mange av grunnleggarane har vald å selje. Men ikkje alle.

– Det er framleis ein god del grunneigareigde verk, og dei har ingenting å gå på, seier Tveit. 

Redd bankane må seie stopp
Hittil har bankane vist velvilje til småkraftverk, sjølv om den bokførte eigenkapitalen har vore låg eller til og med negativ.

Grunnen er at bankane har visst at marknadsverdien har vore langt høgare enn den bokførte verdien i rekneskapa. 

Med grunnrenteskatten fordampar mykje av den såkalla verdijusterte eigenkapitalen, og dermed også risikoen for bankane som har gitt lån.

– No har bankane ikkje lenger den same sikkerheita, seier Tveit.

Meiner regjeringa tek feil
Framlegget om å innføre grunnrenteskatt på mindre kraftverk-selskap vart sendt ut på høyring i førre veke.

Der skriv regjeringa at å frita mindre kraftselskap for grunnrenteskatt gjer at det blir bygd ut mindre kraft enn det ville om også måtte betale skatten.

"Dagens nedre grense gir uheldige vridninger i selskapenes kraftinvesteringer og fører til at samfunnet går glipp av verdifull, fornybar kraftproduksjon.", heiter det i framlegget. 

Det er feil meiner Tveit.

Småkraftforeninga har sett på 17 kraftprosjekt i som ligg i grenseland til å bli omfatta av dagens fritak for grunnrenteskatt. Sju av desse er nedskalert for å kome under grensa. Hadde dei ikkje blitt nedskalert hadde dei rett og slett ikkje blitt bygd, seier Tveit.

Trudde på Arbeidarpartiet
Før stortingsvalet i september trudde Småkraftforeninga at grunnrenteskatt på mindre kraftanlegg ikkje var aktuelt, etter å ha spurt alle partia om deira meining.

At Arbeiderpartiet likevel lanserer skatten har vekt sterke reaksjonar i bransjen, spesielt fordi partiet fortalde noko anna i valkampen. 

Her er spørsmålet frå Småkraftforeningen: "Kan småkraftnæringa regne med stabile rammevilkår, m.t.p. skatter og avgifter de neste fire årene?"

Her er svaret frå politisk rådgivar Øyvind Slåke i Arbeidspartiet, i ein epost sendt 2. juli: "Ja. Arbeiderpartiet skal holde skatte- og avgiftsnivået stabilt de neste fire årene."

Publisert: 22.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 21.10.2025 19:19

Mer om