Trygve slagsvold vedum jonas gahr støre valnatta 2021 foto stortinget 11
ABSOLUTT EKS: Tilhøvet mellom dei to tidlegare regjeringspartnarane, Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre, er ikkje det beste om dagen. Foto: Stortinget
Analyser

Handlingsplan for forsuring?

Arbeidarpartiet gjer om på Senterpartiets prestisjesaker - og feilinformerer i valkampen. Det kan vere eit høgt spel.

19.10.2025

ANALYSE

Gratisferjer til øysamfunn og andre utan alternativ til ferjetransport, har vist seg å vere eit tveegga sverd. Når brukarane kan reise gratis er desse sambanda ikkje noko anna enn ein kostnad for fylkeskommunane, som stort sett er dei som betalar for slike samband.

Då er det ein måte å betre økonomien i sambanda på, å redusere talet på avgangar og ikkje investere i nye og moderne ferjer.

– For oss er det viktigare å auke frekvensen, og vi har kjempa for å få fleire anløp om dagen. Vi har mange bilar som går til og frå kvar dag, sa Brimer-sjef Håvard Haanes til Nett No etter budsjettforslaget frå regjeringa kom på bordet. 

Med fabrikk på Kvamsøya i Sande kommune er selskapet avhengig av ferja, og eit betre samband er viktigare enn eit gratis samband, meiner han.

Men Haanes sine vurderingar druknar no i ei oppheita debatt om det var rett å fjerne gratisferjene, slik Arbeidarpartiet gjer framlegg om i statsbudsjettet for 2026. Det kan partiet takke seg sjølv for. 

Spesielt kan partiet takke to personar. 

Helse- og sosialminister Jan Christian Vestre åtvara i ein valkampvideo 2. september veljarane om at eit regjeringsskiftet mellom anna ville føre til at gratisferjene ville forsvinne. 

Statsminister Jonas Gahr Støre lova så seint som 3. september at gratisferjene skulle bestå. Det gjorde han i eit intervju med avisa Øynytt 3. september kunne VG fortelje fredag denne veka.

Då statsbudsjettet kom viste det seg at Arbeidarpartiet sjølv vil ha slutt på gratis ferjer, og dermed påføre folk ein ekstra kostnad på 38.000 kroner i året, ifølgje reknestykket Vestre presenterte i videoen.

Videoen vart lagt ut på Arbeidarpartiet si Facebook-side 2. september. Då var framlegget til statsbudsjett langt på veg klart, og Vestre seier til Aftenposten at han burde «tenkt på at vi i budsjettdiskusjonene hadde planer om å gjøre endringer i ordningen med gratis ferger».

Men det gjorde han altså ikkje. Og den moglege forgløyminga gjer nok tilhøvet til tidlegare regjeringspartnar Senterpartiet enda surare.

Til slutt beklaga Støre og Vestre sjølvsagt, men dei venta så lenge at den unnskyldninga truleg kom alt for seint. Den rettar dessutan ikkje opp at dei feilinformerte før valet.

Sjå valkampvideoen her (ekstern lenke)

På advokatselskapet Adviso og First House sitt årlege statsbudsjettseminar sa tidlegare stortingsrepresentant Ola Borten Moe til Nett No at han meinte det var uaktuelt at Senterpartiet ville gå over til den andre sida i politikken, til Høgre, Frp, Venstre og Krf - men det var før Vestre-videoen vart tema. 

Per Ivar Lied, som er gruppeleiar for Senterpartiet på fylkestinget i Møre og Romsdal, sa rett ut at Senterpartiet bør felle Arbeidarpartiregjering og støtte ei regjering med Sylvi Listhaug som statsminister. Han fekk støtte av fylkesleiar Odd Helge Gangstad. Begge uttalte seg til Sunnmørsposten før videoen vart tema.

Senterpartiet sentralt har også reagert svært sterkt på forslaget til statsbudsjett - også fordi Arbeidarpartiet strammar kraftig inn på studiegjeldslette-ordninga. Den skulle gi studentar reduksjon i studiegjelda om dei flytta til det som var definert som kommunar som sleit med å halde folketalet oppe.

Ordninga vart lansert på Hellesylt i Stranda kommune av statsminister Jonas Gahr Støre og dåverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum i 2024. No er Stranda ei av kommunane som ikkje lenger skal omfattast av ordninga.

Symbolsaker er viktig i politikken. Kanskje burde gratisferjer og gjeldsletteordninga aldri vore innført, men no står dei som symbol på ein Senterparti-politikk som blir kasta på skraphaugen. 

Samstundes treng valkamp-taparen Senterpartiet å markere seg. 

Det markeringsbehovet er neppe blitt mindre av videoen til Vestre.

Det ser nesten ut som om Arbeidarpartiet har ein handlingsplan for forsuring av forholdet til Senterpartiet. 

Det kan vere eit høgt spel. Skiftar Senterpartiet side har Støre og Arbeidarpartiet ikkje lenger eit fleirtal i ryggen. På den andre sida har Arbeiderpartiet oppnådd at statsbudsjett-debatten framover vil handle mykje om tilhøvet til Senterpartiet. Det kan gjere det lettare å få resten av budsjettet gjennom - før den tidlegare regjeringspartnaren får eit par kjøtbein på slutten  og kjem inn i folden. 

Publisert: 19.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 19.10.2025 08:56