Hans Ole Svartstad H Rsjef Batbyugg og Randi Humborstad Maloy Vekst Nor Fishing foto Ogne
KJEMPAR FOR MÅLØYUTDANNING: HR-sjef Hans Ole Svarstad i Båtbygg og Måløy Vekst-sjef Randi Humborstad er redd Måløysamfunnet blir mindre attraktivt om framlegga til kutt i tilbodet på Måløy vidaregåande skule blir gjennomført. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar for rekrutteringa til verfta

Ryk køyretøymekanikar-utdanninga på Måløy vidaregåande skule, misser Båtbygg ei viktig rekrutteringskjelde.

22.08.2024

Etterkvart som det har blitt meir utfordrande å rekruttere frå utlandet har rekruttering lokalt blitt viktigare for Båtbygg, fortel HR-sjef Hans Ole Svarstad ved skipsverftet ved Måløy.

No fryktar han at fylkeskommunen vil legge ned utdanninga som køyretøymekanikar på Måløy vidaregåande skule og samle utdanninga på ein plass, i Stryn.

Det er først og fremst frå den utdanninga verftet rekrutterer lærlingar. Blir utdanningstilbodet avvikla i Måløy trur Svarstad unge i Måløyområdet vel ei anna utdanning, i staden for å reise til Stryn og ta utdanninga der. Dermed går eit viktig rekrutteringsgrunnlag for både Båtbygg og dei andre skipsbyggarane i Måløy-området tapt.

Frustert
Å oppretthalde det vidaregåande utdanningstilbodet i Måløy er for tida kampsak nummer ein for dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad.

- Vi er veldig frustrert over framlegget frå fylkesadministrasjonen og forstår ikkje grunngjevinga, seier ho.

Per i dag er det foreslått å reduserer tilbodet om såkalla studiespesialiserande utdanning frå tre til eitt år. Det betyr at elevane før gå det første året i Måløy og år to og tre på den vidaregåande skulen på Nordfjordeid. I tillegg foreslår fylkesdirektørene å flytte køyretøymekaniker-utdanninga til Stryn og legge ned utdanninga i restaurant- og matfag.

Både studespesialiserande og køyretøy-mekanikarutdanninga har mange søkjarar og er viktig for næringslivet i Måløy, seier Humborstad.

I alt er de snakk om eit kutt på omlag 80 elevar.

- Kva er det fylkeadministrasjonen i Vestland har i mot Måløy vidaregåande skule, for vi synest forslaga er så lite begrunna, seier Humborstad.

Svekkjer lokalsamfunnet
Å kutte yrkesutdanningstilbodet vil svekkje næringslivet allereie på kort sikt.

Å kutte studiespesialiseringstilbodet vil også svekke attraktiviteten til Måløy-samfunnet på lengre sikt, fordi ungdom frå Måløy-området i så fall må pendle omlag ein time kvar veg for å ta studiespesialisering.

Publisert: 22.08.2024 05:00

Sist oppdatert: 22.08.2024 10:08

Mer om