NPK-NTB: Widerøe trur konsekvensane av flyteknikarstreiken vil merkast også etter at han er avslutta. Årsaka er at vedlikehaldet hopar seg opp.
– Vi må skyve på ein del vedlikehald som gjer at vi sannsynlegvis vil slite noko med regularitet også etterpå. Det er vi bekymra for. For kvar dag som går, jo meir må vi skyve på, og jo meir dreg vi med oss inn i avviklinga av sommartrafikken, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe til NRK.
Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO) har teke ut 106 flyteknikarar i streik, noko som allereie har ført til fleire titals kanselleringar av flygingar hos Norwegian og Widerøe. Som svar på dette har NHO Luftfart varsla ein lockout frå søndag av. Dersom dette blir ein realitet, vil 421 flyteknikarar bli tvinga til å stanse arbeidet.
Det var kontakt mellom partane i streiken onsdag, men førebels er det ikkje meldt om nokon framgang.
Publisert: 23.06.2022 07:23
Sist oppdatert: 23.06.2022 07:27