Straum
VARIASJON: Enorme variasjonar i straumprisen onsdag. Skjermdump: Statnett
Nytt

Frå nesten gratis til rekordhøg pris

På Nordvestlandet er straumprisen nesten gratis. I Sørvest-Norge er prisen rekordhøg. I morgon vert det verre.

20.07.2022

NPK-NTB-NETT NO: Tal frå Statnett viser at på Nordvestlandet har ein spotpris på elektrisk straum på 2,36 øre kilowatt-timen midt på dag onsdag. Natt til onsdag var prisen nede i 1,54 øre kWh.

Sør for Sognefjorden og i Aust-Norge er prisen 1,66 kroner kWh, og lengst sør heile 2,95 kroner.

Men endå verre blir det i morgon.

Over tre kroner heile døgnet
I Sørvest-Noreg blir det ein snittpris for straum på 3,34 kroner per kilowattime (kWh) torsdag. Aldri før har minsteprisen på eitt døgn vore så høg.

Gjennom heile døgnet ligg straumprisen på over 3 kr/kWh, noko som aldri har skjedd før, skriv Europower.

Sjølv ikkje den dyraste dagen i historia, 21. desember i fjor, hadde så høge straumprisar gjennom heile døgnet, ifølgje nettstaden.

Straumprisen gjeld for rundt 1,3 millionar innbyggjarar i Vestland sør for Hardangervidda, Rogaland, Agder, Telemark og gamle Vestfold.

3,62 kroner på maks
Maksprisen er på 3,62 kroner, melder straumbørsen Nord Pool på nettsidene sine. Snittprisen per kWh torsdag er 0,57 kroner høgare enn onsdag og 2,70 kroner høgare enn same dag året før.

I tillegg til spotprisen på straum kjem forbruksavgift (16,69 øre per kWh), avgift til Enova (1 øre per kWh) og eit eventuelt påslag frå straumselskapa. På toppen av det heile blir lagd ei meirverdiavgift på 25 prosent, og for seg sjølv kjem nettleiga.

Maksprisen torsdag på 3,62 kroner per kWh er den høgaste i landet og hender mellom klokka 9 og 10 på formiddagen. Den er 0,04 kroner høgare enn onsdag og 2,96 kroner høgare enn same dag året før.

Minsteprisen blir på 3,07 kroner per kWh mellom klokka 3 og 4 på natta.

Litt meir vatn i magasina
Fyllingsgrada i vassmagasina var 64 prosent ved utgangen av førre veke. Gjennom veka auka fyllinga med 1,8 prosentpoeng, men er framleis under normalen.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 72,1 prosent for åra 2002-2021, ifølgje statistikken frå Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg med 87,4 prosent, medan Sørvest-Noreg hadde lågast fylling med 48,3 prosent.

Publisert: 20.07.2022 15:06

Sist oppdatert: 20.07.2022 15:15

Mer om