Nils Per Sjåstad Simona Stadpipe Aqua Nor 2023 foto Ogne
BETRE KONTRAKTAR: Kontraktar med inflasjonsjustering medverka til den sterke resultatforbetringa til Simona Stadpipe i fjor. Frå og med i fjor har dagleg leiar Nils-Per Sjåstad hatt ein slik klausul i alle kontraktar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Frå skattesmell til rekordår

Simona Stadpipe med sitt største overskot nokon gang.

04.06.2025

Selskapet på Stadlandet lagar rørdelar og -system, og har oppdrettsbransjen som hovudmarknad. Selskapet sysselsette 44 årsverk i fjor.

I 2023 fekk Simona Stadpipe ein stor nedtur, fordi oppdrettsselskapa la store investeringar på is etter at Ap/Sp-regjeringa innførte grunnrenteskatt for oppdrett i sjø. Både skatteauken i seg sjølv, og ikkje minst stor uvisse om kor stor den ville bli og kva den skulle omfatte, medverka til investeringsbremsen.

- Mykje lågare enn det vi hadde forventa, sa dagleg leiar og medeigar Nils-Per Sjåstad i Simona Stadpipe på Stadlandet til NettNo om inntektsutviklinga så langt i 2023, då vi snakka med han under oppdrettsteknologi-messa Aqua Nor i Trondheim i august 2023. 

Ny rekord
2022 var eit rekordår for selskapet målt i driftsinntekt, men i 2023 fall inntektene heile 36 prosent og selskapet gjekk med 13,7 millionar kroner i underskot. (sjå tabell).

I fjor kom etterspørselen kraftig tilbake, og både målt i inntekt og lønsemd vart 2024 eit rekordår.

Betre lønsemd skuldast mellom anna at alle kontraktar frå og med 2024 har ein klausul om inflasjonsjustering, går det fram av årsrekneskapen for 2024. Det betyr at selskapet får kompensert for prisstigning på innkjøpte råvarer og komponentar. Det var ikke tilfelle før, noko som forklarar det store underskotet i 2023. Då gjorde fastpriskontraktar at selskapet fekk ein kostnadssmell.

Tysk storaksjonær
I 2020 selde brødrene Nils-Per og Kurt Sjåstad 75 prosent av aksjane i selskapet og fekk tyske Simona Group inn som største eigar.

- Strategien til Simona som ein global operatør og produktporteføljen i dei to selskapa vil opne nye marknadsmulegheiter for oss både i Norge og internasjonalt, sa dagleg leiar Nils-Per Sjåstad i pressemelding som fortalde om den nye storaksjonæren.

Simona Stadpipe as   
Tal i mill. kroner202420232022
Driftsinntekt196,6121,3189,6
Driftsresultat23,8-12,63,1
Resultat før skatt23,3-13,72,7

Publisert: 04.06.2025 15:17

Sist oppdatert: 04.06.2025 15:17

Mer om