Peter Frolich foto H
TIL ÅLESUND: Stortingsrepresentant Peter Frølich (H) er trekkplaster når Adviso, First House og Næringsforeningen inviterte til frukostseminar i morgon. Foto: Høgre
Nytt

Frå slagmarka til frukostseminar

Stortingsrepresentant deler eigne erfaringar frå Ukrainia når nordvestlandsk næringsliv vurderer konsekvensane av krig og konfliktar.

22.04.2025

Peter Frølich (H) er leiar for kontroll- og konstitusjonen på Stortinget, og er ein av representanane som har sterkast engasjert seg i Ukraina si sak etter at Russland gjekk til krig mot landet.

Onsdag er Frølich  det største trekkplasteret på frukostseminararet advokatfirmaet Adviso, First House og Næringsforeningen Ålesundregionen arrangerer på Pir-bygget i Ålesund.

Omlag 200 er påmeldt til seminaret, som har tittelen "Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?"

Frølich vil belyse korleis krigen i Ukraina og utfallet av den påverkar geopolitiske og finansielle tilhøve.

Torstein Heggstad i Maritime Partner i Ålesund og Jan Rune Dalsøren i Metizoft i Herøy skal snakke om korleis deira verksemder blir påverka at den internasjonale uroa.

Viseadmiral Louise Dedichen har vore sjef for den norske militærmisjonen i NATO i fem år. Ho kjem til Ålesund for  å si vurdering av kva som blir konsekvensane av omveltningane i tryggleikspolitikken som skjer no.

Publisert: 22.04.2025 15:13

Sist oppdatert: 22.04.2025 17:07