Fuglen reiser seg att
Kaffibaren Fugl Føniks i Ørsta ligg an til nyopning i månadsskiftet august/september.
Dette seier huseigar Jan Endre Vartdal, som etter konkursen i Fugl Føniks - Mat, Drikke & Bar AS i mai, etablerte selskapet Tik Café & Restaurant AS for å sikre vidare drift.
Tidlegare har Vartdal sagt at planen var å opne dørene att i starten av august.
No seier Vartdal at opninga vert utsett til månadsskiftet, og at det komade veke skal annonserast kven som skal drive kaffibaren og korleis.
Vidare seier Vartdal til NETT NO at dei arbeider med å få dei siste puslespelbrikkane på plass for korleis dei skal sikre ei berekraftig drift.
– Vi er i siste innspurt, og skal kome med meir informasjon til folk i august. Vi har som mål å opne i månadsskiftet, seier Vartdal, som først og fremst startar opp att kaffibaren av filantropiske grunnar.
– Som huseigarar har det handla om å skape ein urban møteplass meir enn å drive butikk. Dette er ei investering for fellesskapets beste, der vi saman med skular og symjehallar, fjord og fjell, kan ha nokre plassar der store og små kan møtes tidleg og seint i Ørsta, seier Vartdal.
Publisert: 04.08.2022 09:17
Sist oppdatert: 05.08.2022 09:23