Fleire vil drive Fugl Føniks vidare
Eigarane som har investert tosifra millionar i lokala, jobbar med ulike alternativ etter konkursen.
Etter konkursen i selskapet som har stått for drifta av Fugl Føniks-restauranten i Ørsta, blir det jobba med ny drift i lokala.
– Vi har fått nøkkelen av bustyrar og lokala står det klare, fortel Jan Endre Vartdal til NETT NO.
Store investeringar
Vartdal Plast-sjefen og
broren Sindre, har saman med Torstein Holsvik og Cecilia Langva
investert kring ti millionar kroner i løpet av dei siste åra via
eigarselskapet TCV Utleiebolig.
Randi Kvamme Fischer Blichfeldt og Helge Blichfeldt opna kaffibar i Ørsta i 2004.
Sidan har dei utvida og flytta fleire gonger. Seinast i 2020 då dei opna i dei tildlegere Norrøna Pub-lokala, med nytt og større kjøken, konferanse/møterom og 160 sitteplassar.
Les også
Jobbar med fleire alternativ
Jan Endre Vartdal fortel at dei allereie er kontakta av fleire aktørar som er interessert i å drive vidare. Han påpeiker at dei vil behandle alle seriøst, men at dei også har sine ønsker for konseptet.
– Det har utvikla seg til å bli ein urban møteplass, der du også kan ta deg eit kakestykke når ein blir eldre. Ein slags livsløpsplass som vi meiner at Ørsta treng, seier han.
Per i dag er det både aktuelt å samarbeide med ein ny leiegetakar, eller å tilsette «driftige folk som kan vere med på reisa, og kanskje få eit eigarskap i bedrifta», legg Vartdal til.
– Har vore ei tøff tid
Ørstingen oppmoder folk som vil bidra om å ta kontakt. Det same gjeld for tidlegare tilsette i Fugl Føniks Mat, Drikke og Bar – selskapet som no er konkurs.
Koronapandemien banka på døra berre veker etter nyopninga i 2020. Nedstengingane som følgde dei neste to åra, førte til selskapet varsla oppbod i Møre og Romsdal tingrett førre veke.
Les også
Ifølgje Sunnmørsposten er gjelda i selskapet på 3,9 millionar kroner og verdiane på nær ein million. Vartdal fortel til NETT NO at tapa til investorane er på kring 700-800.000 kroner.
– Det er kjempesynd at det gjekk slik, og det har vore ei tøff tid for dei som har stått for drifta, seier han.
Han understrekar at det ikkje dreier seg om ei bevisst gjeldssanering.
– Usikkerheita med denne driftsmodeller blei for stor, og vi som investorar kunne ikkje åleine ta det heile løftet som trengtes for vidare drift, forklarar han.
Publisert: 18.05.2022 14:02
Sist oppdatert: 18.05.2022 20:32