Det er havbruksnæringa som står for den stabile veksten, medan investeringane i fiskeflåten varierer mest, men biletet er uansett det same – investeringane går opp.
Høge lakseprisar er den sterkaste vekstmotoren - både gjennom direkte investeringar og i foredlingsindustrien, men også betre lønsemd i fiskeri har auka investeringsviljen også der.
I og med at det er avgrensa kor mykje meir laks oppdrettane får sette ut i sjøen, har dei mellom anna satsa på å auke produksjonen på land.
I smoltanlegga veks laksen seg større før den blir sett ut i sjøen. Det aukar produksjonskapasiteten utan å utfordre avgrensingane i oppdrett i sjøen.
I haust fekk også Norsk Sjømat på Stranda klarsignal for å investere i eit settefiskanlegg i ein av dei tomme møbelfabrikkbygningane i Stordal, ei investering på 250-300 millionar kroner.
Den største investeringa som er på trappene på Nordvestlandet er eit landbasert oppdrettsanlegg i Fræna. Selskapet Salmon Evolution reknar med på kunne ta ei avgjerd om bygging straks ei investeringskalkyle er klar rundt årsskiftet 2018/2019.
Det blir i så fall eit anlegg til tre milliardar kroner, med ein produksjonskapasitet på 30.000 tonn sløygd laks i året fullt utbygd.
Begge har også investert tungt i nye båtar, og har fleire farty under bygging. Sølvtrans har også varsla at det er sannsynleg med to-tre nye skipsbyggingskontraktar årleg i fem år framover.
Dei siste seks åra har Rostein fått bygd eller har under bygging båtar for rundt 2,5 milliardar og Sølvtrans for rundt 4,5 milliardar kroner.
29.000 årsverk er i bedrifter i næringa, medan 37.000 årsverk er å finne hos bedrifter som leverer varer og tenster til fiskeri-, fiskeindustri og oppdrettsselskap, jobbar som omfattar alt frå advokatar til utstyrsleverandørar og transportselskap.
Både oljenæringa, industri og bergverk og finansnæringa utgjer ein større del av økonomien, men ingen større næringar veks raskare enn sjømatnæringa.
Høge lakseprisar er den sterkaste vekstmotoren - både gjennom direkte investeringar og i foredlingsindustrien, men også betre lønsemd i fiskeri har auka investeringsviljen også der.
I og med at det er avgrensa kor mykje meir laks oppdrettane får sette ut i sjøen, har dei mellom anna satsa på å auke produksjonen på land.
I smoltanlegga veks laksen seg større før den blir sett ut i sjøen. Det aukar produksjonskapasiteten utan å utfordre avgrensingane i oppdrett i sjøen.
Milliardinvesteringar
Både Mowi (i Dalsfjorden), Hofseth Aqua (i Tafjord) og Vartdal Aqua (på Vartdal) har bygd nye og større settefiskanlegg på Nordvestlandet dei siste åra. Det er investeringar som NETT NO tidlegare har anslått til minst ein halv milliard kroner.I haust fekk også Norsk Sjømat på Stranda klarsignal for å investere i eit settefiskanlegg i ein av dei tomme møbelfabrikkbygningane i Stordal, ei investering på 250-300 millionar kroner.
Den største investeringa som er på trappene på Nordvestlandet er eit landbasert oppdrettsanlegg i Fræna. Selskapet Salmon Evolution reknar med på kunne ta ei avgjerd om bygging straks ei investeringskalkyle er klar rundt årsskiftet 2018/2019.
Det blir i så fall eit anlegg til tre milliardar kroner, med ein produksjonskapasitet på 30.000 tonn sløygd laks i året fullt utbygd.
Brønnbåtboom
Brønnbåtreiarlaga Sølvtrans og Rostein er det to største i bransjen. Begge har adresse på Nordvestlandet og begge har svært gode resultat fleire år på rad.Begge har også investert tungt i nye båtar, og har fleire farty under bygging. Sølvtrans har også varsla at det er sannsynleg med to-tre nye skipsbyggingskontraktar årleg i fem år framover.
Dei siste seks åra har Rostein fått bygd eller har under bygging båtar for rundt 2,5 milliardar og Sølvtrans for rundt 4,5 milliardar kroner.
66.000 årsverk
Forskingselskapet Sintef offentleggjorde i juni år ein analyse av ringverknadane av sjømatnæringa og konkluderte med at den omfattar rundt 66.000 årsverk på landsbasis.29.000 årsverk er i bedrifter i næringa, medan 37.000 årsverk er å finne hos bedrifter som leverer varer og tenster til fiskeri-, fiskeindustri og oppdrettsselskap, jobbar som omfattar alt frå advokatar til utstyrsleverandørar og transportselskap.
Både oljenæringa, industri og bergverk og finansnæringa utgjer ein større del av økonomien, men ingen større næringar veks raskare enn sjømatnæringa.
Publisert: 02.01.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46






