Fylket styrer mot toeffare tider
TRANGARE: Søylene til økonomisjef Geir Fjørtoft i Møre og Romsdal fylkeskommune for dei komande åra er tydelege. 
Nytt

Fylket styrer mot tøffare tider

Fylkeskommunedirektør vil halde «trøkket» oppe for meir effektiv drift, men halverer likevel forslaget til ferjeprisauke.

Marius Rosbach
02.11.2020
Nærast tradisjonen tru, kom fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik med eit stramt forslag til budsjett og økonomiplan for Møre og Romsdal dei komande åra.
Guttelvik har i fleire år vore tydeleg på at fylkeskommunen har store økonomiske utfordringar i vente.

Stor auke i lånekostnader

I forslaget til økonomiplan for 2021-2024, kjem det fram at utfordringane ligg an til å bli størst dei to siste åra av perioden.
– Vi er då langt frå å nå målsettinga om å ha eit netto driftsresultat på 2,5 prosent av brutto driftsinntekter. Grunnen til det er ei sterk auke i lånekostnadene mot slutten av perioden, til tross for historisk lågt rentenivå, heiter det i prognosen i måndag.
Guttelvik meiner det er ein konsekvens av eit høgt investeringsnivå over tid og at dei difor må halde «trøkket» oppe for å omstille til meir effektiv drift.

Størst investeringar på samferdsel

I planen med eit årleg driftsnivå på omlag 4,3 milliardar kroner, blir det lagt opp til eit investeringsnivå på 6,6 milliardar i fireårsperioden.
Dei største investeringane, vel 5,7 milliardar, går til samferdsel med mellom anna Nordøyvegen.
Samanlikna med kva politikarane har gått inn for, foreslår Guttelvik også fleire endringar.
  • I økonomiplanframlegget foreslår fylkeskommunedirektøren å auke ferjetakstane med ei takstsone – ikkje to, som tidlegare vedteke.
  • Fleire driftskontraktar på fylkesveg har vore ute på anbod, og kontraktar som er inngått medfører ein sterk utgiftsvekst. I 2021 utgjer dette drygt 72 millionar, og aukar betydeleg til 182 i 2024.
  • Det er underdekning på om lag 16,1 millionar kroner til utgifter som er gått til konsulenttenester på samferdselsområdet
  • Det ikkje lagt opp til endring i skolestrukturen utover dei vedtekne administrative samanslåingane dei næraste åra. Klassetalet aukar med 13 klassar.
  • Fylkeskommunedirektøren tilrår å oppretthalde fem tannklinikkar i Fosnavåg, Stranda, Langevåg, Midsund og Averøy.

Nøkkeltal i budsjettet for 2021:
Driftsramme : 4,3 milliardar kroner
Investeringsbudsjett: 2,3 milliardar kroner
Netto driftsresultat: 168,3 millionar kroner
(eksternlenke)

Publisert: 02.11.2020 15:59

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:52