Aasen kvartalet
VOLDA: Visjon for prosjektet Aasenkvartalet er at ein skal skape eit signalbygg med arkitektonisk kvalitet som vert lagt merke til. Det skal ha eit moderne og innovativt preg og signalisere eit ope og inkluderande bygg. Det skal vere attraktivt å kome dit, både for dei som har arbeidsstaden sin der, innbyggjarane i Volda, studentar og besøkande. Illustrasjon: Ratio Arkitekter
Nytt

Fylket vil samarbeide om Aasenkvartalet

Vil ha fylkeskommunale arbeidsplassar i nytt signalbygg i Volda.

28.05.2022

Aasenkvartalet i Volda skal bidra til å utvikle fylket som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknad. No vil fylkeskommunedirektøren gå i dialog med Volda Utvikling AS og Volda kommune om eit samarbeid for å realisere Aasenkvartalet, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Fylkeskommunedirektøren vil gjere det same i Volda som med Campus Kristiansund og NMK i Ålesund: Understøtte utvikling av framtidsretta kompetansemiljø i heile fylket.

- Ei løysing tilsvarande NMK kan vere å etablere desentraliserte arbeidsplassar for fylkeskommunalt tilsette på Søre Sunnmøre i eit arbeidsfellesskap. Dette vert da som ein mindre variant av arbeidsfellesskapet i Fosnagata 13 i Kristiansund kor vi i dag har ca 55 arbeidsplassar, går det fram av saksframlegget.

Styrke attraktivt kompetansemiljø
Politikarane får saka til behandling både i kultur-, næring- og folkehelseutvalet og i utdannings- og kompetanseutvalet. Deretter skal saka vidare til fylkesutvalet, før endeleg behandling i fylkestinget 20. juni.

I saksframlegget til dei to hovudutvala skriv fylkeskommunedirektøren at «Aasenkvartalet skal bidra til at Volda forsterkar eit attraktivt kompetansemiljø innan utdanning, forsking, privat og offentleg samarbeid på Søre Sunnmøre. Ein skal utnytte potensialet for tverrfagleg innovasjon som ligg i møtet mellom næringslivet på Søre Sunnmøre, kommunane, Høgskulen i Volda, Sjukehuset i Volda, Møre og Romsdal fylkeskommune og verkemiddelapparatet.»

Norsk Innovasjonssenter
Kommunestyret i Volda vedtok 28. april å invitere med fylkeskommunen til å delta i realiseringa av Aasenkvartalet i form av leigeavtale og med eigarandelar i utbyggingsselskap og driftsselskap.

I pressemeldinga blir det opplyst at Volda kommune har tett samarbeid med Norsk Innovasjonssenter AS, som skal vere leigetakar i Aasenkvartalet. Selskapet vil utnytte potensialet for tverrfagleg innovasjon.

«Prosjektet har ambisjonar om å legge til rette for minst 100 nye arbeidsplassar på søre Sunnmøre innan kunnskapsintensiv tenesteproduksjon med utspring frå utdanningane ved Høgskolen i Volda», går det fram av saksframlegget.

Vil ha inn kulturinstitusjonar
Planen er også å mikse privat næringsliv, akademia, offentleg sektor og andre i eit myldrande innovativt miljø som vil kunne skape grobotn for vekstkraft og attraktivitet lokalt, regionalt og i eit nasjonalt perspektiv.

Det blir opplyst at fylkeskommunedirektøren ser også for seg å invitere nokre av dei profesjonelle kulturinstitusjonane inn i Aasenkvartalet, for eksempel Viti.

«Volda har eit fortrinn med at dei har klynger av kreative næringar, samt sterke aktørar innan kunst- og kultur som Seanse, senter for kunst for barn og unge, Nynorsk kultursentrum og Viti-musea. Desse aktørane har nasjonale og internasjonale nettverk med kunstnarar, spelutviklarar, forskarar og formidlarar som har kompetanse som vil vere gunstige og eit fortrinn i utviklinga av ferdigheiter for framtida».

Fylkeskommunedirektøren meiner det er viktig at fylkeskommunen, som ved NMK og ved Campus Kristiansund, er med på å understøtte utvikling av framtidsretta kompetansemiljø i heile fylket. Miljøa er viktige for å utvikle fylket som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknad.

Publisert: 28.05.2022 17:12

Sist oppdatert: 28.05.2022 17:21

Mer om