Brunvoll Propulsion Azimuth AUP115 Van Oord delivery1
STOR ORDRE: Brunvoll skal levere propellar og manøvreringssystem til kabelleggingsfartøyet det nederlandske reiarlaget Van Oord får bygd hos Vard Brattvåg Foto: Jørgen Eide, Brunvoll
Nytt

Fyller opp ordreboka for 2021

Brunvoll-konsernet skal levere utstyr for over 20 millionar kroner til kabelleggingsfartøy. Er i ferd med å fylle ordreboka for 2021.

17.02.2021

I 2019 hadde Brunvoll-konsernet 1,4 milliardar kroner i driftsinntekter. I fjor blei det omlag 1,2 milliardar, og ordreinngangen hittil gjer at konsernet ligg an til å få like mykje arbeid i 2021 som i 2020, fortel sal- og marknadssjef Per Olaf Løkseth.

2020 blei ingen nedtur for konsernet, som lagar gir og propellar på fabrikkane sine i Molde og Volda. Permitteringane i starten av koronakrisa blei kortvarige, seier Løkseth.

- Vi har hatt ein forbausande god ordreinngang, og så har vi fylt godt opp med ordrar for leveransar i 2021, seier han.

(saka held fram under)

Vard kabelskip van oord illustrasjon vard design 11
VARD-DESIGN: Verftskonsernet skal både designe og bygge det 130 meter lange skipet som skal leverast i 2023. Illustrasjon: Vard Design

Nederlandsk kunde
Kontrakten Brunvoll offentleggjer no er til kabelleggingsfartøyer det nederlandske rederiet Van Oord får bygd hos Vard Brattvåg. Brunvoll skal levere to tunnel thrustarar, ein kombinert opptrekkbar azimuth/tunnel thruster og to azimuth framdriftsthrustarar. Tunnell-thrusterar er propellar som er bygd inn i skroget medan azimuth thrustarar kan rotere rundt under skipet.

Kontrakten er på «over 20 millionar kroner», ifølgje Løkseth.

Skipet skal leverast frå verftet i 2023.

Fiskeri- og oppdrett
Trass laber skipsbyggingsaktivitet på verdsbasis og ein offshoremarknaden som har falle vekk har Brunvoll greidd å halde ordreinngangen oppe.

Nett no er det leveransar til fiskebåtar og båtar til oppdrettsnæringa som er den største marknaden for konsernet, ifølgje Løkseth.

Publisert: 17.02.2021 16:05

Sist oppdatert: 18.02.2021 10:38