Faar 550 000 kroner doegnet for denne karen
RIGGFLYTT: Ratehopp for Horizon Arctic, men berre kortvarig.
Nytt

Får 550.000 kroner døgnet for denne karen

- Men det er dessverre langt mellom slike rater, seier toppsjefen.

21.08.2019
Ankerhandteraren Horizon Arctic får 550.000 kroner døgnet for å flytte den halvt nedsenkbare boreriggen Deepsea Nordkapp.
Adm. dir. Børge Nakken i Ålesund-baserte Horizon Maritime er godt nøgd med ratene.
- Slike rater kan vi ikkje klage på, men det er langt mellom desse oppdraga.

Korte riggflytt

Han seier at oppdraget truleg varer berre tre-fire døgn.
- Desse riggflytta vert kortare og kortare, slik at vi er avhengige av å få ein jamn tilførsle av oppdrag.
Saman med ankerhandterarane Saltfjord og Sandefjord til K Line Offshore i Arendal, skal Horizon Arctic slepe Odfjell-riggen på plass for selskapet Well Expertise.

Laber sommar

Skipet vart kjøpt av Bourbon Offshore i april i år, og er det første skipet som opererer på norsk sokkel på vegne av det kanadiske selskapet Horizon.
Nakken seier at ein først sluttførde eit pågåande oppdrag for Lundin Oil, før ein gjekk til vestkysten av Afrika og utførde eit vindkraftoppdrag.
- Vi kom tilbake til Nordsjøen til sommaren, då aktiviteten dala.
- Sommarperioden var slett ikkje lukrativ for oss.

Betre til hausten

Han har tru på fleire interessante oppdrag utover hausten.
- Ja, det skal skje ein del aktivitet i Nordsjøen. i tillegg vil det hjelpe om flleire båtar forlet Nordsjøen for oppdrag andre stader.
Horizon Arctic vart bygt ved Vard Brattvåg skipsverft i 2016. Skipet har inntil 307 tonn slepekraft og stor vinsjekapasitet.
Skipet er utstyrt med høg isklasse på skrog og maskineri for arktiske forhold samt system for av-ising.
Horizon Arctic er innreidd for 60 personar.
Slike rater kan vi ikkje klage på, men det er langt mellom desse oppdraga

Publisert: 21.08.2019 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38