Får drahjelp frå koronakrisa
Lange, usikre og dyrare forsyningsliner aukar etterspørselen hos norske leverandørar til møbelprodusentane.
- Både nye og eksisterande kundar kjem med produkt som dei har kjøpt ute tidlegare, seier dagleg leiar og hovudaksjonær Terje Berge i Galvano på Stranda.
Galvano er ei mekanisk industribedrift som lagar møbelkomponentar i metall og delvis også monterer møblar for ein del av kundane sine.
I år ligg selskapet an til rundt 33 prosent vekst i driftsinntekter, som betyr at Berge og kollegaene vil passere 40 millionar i driftsinntekter, som blir ny rekord. Omlag 60 prosent av veksten kjem av at storkunden Ekornes også er i sterk vekst, men resten heng delvis saman med at møbelprodusentane i Noreg vil ha leverandørane nærare seg.
Les også
Fabrikk i Polen
Veksten på Stranda fortel berre ein del av historia til Galvano. I fjor etablerte selskap eit 70 prosent eigd datterselskap i Polen, der selskapet tidlegare har hatt leigeproduksjon. Den fabrikken lagar meir arbeidsintensive produkt, og er både ein leverandør til morselskapet i Stranda og dels direkte til andre kundar.
Driftsinntektene til bedrifta i Polen blir 10-15 millionar kroner i år, anslår Berge.
Fabrikken i Polen har 19 tilsette, det same som verksemda i Stranda.
Fleire forespørslar
Marknadskontakt for den norske marknaden hos skumplastprodusenten Sandella, Thomas Fure, seier dei opplever at selskapet får fleire forespørslar frå potensielle kundar som vil ha ein leverandør i nærleiken.
Det handlar både om større leveringstryggleik og transportkostnadar, men og om at miljøargument er blitt viktigare, seier Fure. Det blir mindre utslepp med kortare transport.
Møbelvekst løftar Sykkylven Stål
I år er det leveransar til møbelindustrien som gir vekst hos Sykkylven Stål fortel dagleg leiar og medeigar Karl Inge Rekdal.
Selskapet har dei siste åra mellom anna satsa på å utvikle meir samansette møbelprodukt. Inntektene frå møbelbransjen veks med omlag 50 prosent i år, og gjer at selskapet samla sett ligg an til 20 prosent vekst i 2021, ifølgje Rekdal.
Samling i Sykkylven
I dag er møbelindustrien samla til bransjetreff for møbel- og designindustrisamling i Sykkylven.
Bransjesjef Egil Sundet i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri seier norsk møbelproduksjon i dag er høgare enn den har vore på fem-seks år og at møbeleksporten som langt i år har auka med 28 prosent. I fjor steig den 11,3 prosent.
Galvano as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 30,5 | 36,3 |
Driftsresultat | 0,9 | 1,8 |
Resultat før skatt | 0,5 | 1,3 |
Sykkylven Stål as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 49,2 | 55,0 |
Driftsresultat | 0,2 | 1,3 |
Resultat før skatt | -0,6 | 0,7 |
Sandella Fabrikken as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 85,8 | 86,1 |
Driftsresultat | 10,3 | -0,3 |
Resultat før skatt | 9,2 | -3,4 |
Publisert: 28.10.2021 13:20
Sist oppdatert: 28.10.2021 13:22