Møbelopptur i koronaåret
- Vi har hatt ein gigantisk opptur, seier Bohus Ålesund-sjef Trond Nordstrand - og oppturen varer enno. Sjå resultatoversikt for møbelbutikkane.
Då Nordstrand la budsjettet for Bohus Ålesund 2021 rekna han med at veksten for møbelhandelen var over i denne omgang, og budde seg på ein nedgang i år. Slik har det ikkje gått.
Bohus Ålesund har gått frå 56 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 til 79,2 millionar i 2020. Dermed har dei distansert Skeidar Ålesund i konkurransen om å vere største møbelbutikk på Sunnmøre og i Nordfjord.
Sjå resultatoversikt for møbelforhandlarane i eigen tabell
Frå magre overskot har lønsemda også gått opp, til 11,7 prosent av resultatet før skatt i høve til driftsinntektene. Det er over gjennomsnittet for møbelbutikkane på Nordvestlandet.
- Vi valde å gi full gass i marknadsføringa
To og ein halv månad før 2021 ebbar ut, ligg salet til Nordstrand og kollegaene godt over 2020-nivået.
Snudde etter fire års nedgang
Bohus Ålesund var ikkje åleine om vekst i fjor.
Etter fallande driftsinntekter år for år sidan 2015, snudde det for møbelhandlarane på Sunnmøre og i Nordfjord i 2020.
Fasiten blei 13 prosent vekst i driftsinntektene samanlikna med 2019. Lønsemda, målt i resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, steig frå 1,4 til 9 prosent. Det er ei god lønsemd i handelsnæringa.
Artikkelen held fram under tabellen
Møbelbutikkar på Nordvestlandet | ||||
Tal i mill. kroner | ||||
Driftsinntekt | Res. f. skatt | |||
2020 | 2019 | 2020 | 2019 | |
Bohus Ålesund as | 79,2 | 62,1 | 9,3 | 1,1 |
Skeidar Ålesund as | 58,7 | 57,3 | 3 | -1,7 |
Møbelhuset Blindheim as | 27,2 | 25,2 | 1,5 | -0,3 |
Møbelhuset Ørsta as | 23,6 | 21,2 | 4,7 | 3,6 |
Øyehol Varehus as | 22,4 | 19,5 | 3,6 | 1,2 |
Møbler & Miljø as | 22,1 | 18,1 | 1,4 | 0,7 |
Slettvoll Ålesund as | 19,4 | 12 | 2,4 | -0,3 |
Skeidar Ørsta as | 16,9 | 21,1 | -0,5 | -0,4 |
Gangsø Eftf as | 16,4 | 14,4 | 0,7 | 0,5 |
Boland Vika as | 13,5 | 11,3 | 1,1 | -0,1 |
Sandane Møbel as | 7,5 | 6,2 | 0,6 | -0,2 |
Møbler og Utstyr as | 4,8 | 7,6 | 0,1 | -0,1 |
Sum | 311,7 | 276,0 | 27,9 | 4,0 |
For 2020 er koronaeffekten ein del av forklaringa, meiner Nordstrand. Folk brukte mindre på reiser og restaurant, og det fekk mellom andre møbelbutikkane nyte godt av.
Då koronapandemien kom i mars i fjor, vart det bråstopp og permitteringsvarsel - men berre etter tre veker så snudde det.
- Vi valde å gi full gass i marknadsføringa, seier Nordstrand om avgjerda som ble teken etter at det første koronasjokket gav seg. Konsekvensen blei at mars 2020 blei den einaste månaden selskapet hadde reduserte driftsinntekter samanlikna med tilsvarande månad i 2019.
Fleire i fabrikkane
Også møbelfabrikkane fekk eit oppsving i fjor, og det er ikkje over ifølgje bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens bransjeforening.
Eksporten av norske møblar til utlandet aukar óg i år. Sundet reknar med at veksten i salet til innanlandsmarknaden også er stigande, basert på at produksjonsindeksen stig.
Møbelkommune nummer ein, Sykkylven, hadde 27 prosent arbeidsløyse på det verste i fjor vår. Den ferskaste NAV-statistikken viser at arbeidsløysa no er på 0,8 prosent - tilsvarande 33 personar.
I kraft av storleiken er det Ekornes-konsernet som har betydd mest for å få folk i arbeid, men resten av industrien er også på jakt etter folk. Etter første halvår hadde Brunstad-sjef Ronny Bjøringsøy planar om å tilsette fem til ti personar produksjonen, etter å ha auka driftsinntektene med 30 prosent samanlikna med første halvår 2020.
Samla hadde møbelprodusentane på Nordvestlandet 8,4 prosent auke i driftsinntektene frå 2019 til 2020. Resultatet i prosent av driftsinntektene steig frå 3,4 til 4,9 prosent.
Møbelprodusentane på Nordvestlandet | ||||
Tal i mill. kroner | ||||
K=Konsern | ||||
Driftsinntekt | Res. f. skatt | |||
2020 | 2019 | 2020 | 2019 | |
Ekornes QM Holding as (K) | 3481,7 | 3169 | 178,1 | 127,5 |
Wonderland | 345,9 | 300,9 | 15,9 | 11,5 |
Slettvoll Møbler as (K) | 207 | 191,1 | 34,5 | 11,7 |
Fora Form as | 145,9 | 181,6 | 3,6 | 15,3 |
Brunstad (K) | 126,1 | 117,7 | 1,1 | -3,7 |
Langlo as | 115 | 108,1 | 4,1 | -2,2 |
Helland Møbler | 79,6 | 75,7 | 1,4 | 0,2 |
Formfin as | 54,6 | 48,6 | 2,9 | -4,7 |
Stordal Møbel | 46,6 | 40 | 0,7 | 0,6 |
L K Hjelle Møbelfabrikk | 42,3 | 35,5 | 1,7 | -4,6 |
Hovden Møbler | 32,7 | 28,3 | 0,5 | 0,8 |
Vad | 21,6 | 28 | -1,8 | -0,5 |
Fjordfiesta Furniture as | 14 | 15,6 | 1,1 | 0,4 |
Sitwell | 14 | 13 | 0,5 | -1 |
Nesje as | 11,7 | 19,8 | -1,8 | -1,9 |
Tonning & Stryn | 11,2 | 10,7 | 0,3 | -0,3 |
Rovde Møbel & Design as | 9,9 | 7,7 | 0,2 | 0,03 |
Stjernemadrassen | 7,9 | 6,2 | 0,1 | 0,7 |
Feel Free Production | 5,3 | 4,1 | -0,2 | 0,5 |
Vatne Møbler | 3,2 | 3,3 | 0,4 | 0,4 |
Jarnes Møbler as | 2,2 | 2 | 0,1 | 0,04 |
Cylindra | 0,2 | 0,1 | 0,03 | -0,003 |
Sum | 4778,6 |
4407,9 | 234,4 | 150,8 |
Konsernet Slettvoll Møbler omfattar både fabrikk og butikkar | ||||
Brunstad-konsernet omfattar også fabrikk i Baltikum | ||||
Helland Møbler og Hovden Møbler sine fabrikkar i Baltikum er ikkje omfatta |
Publisert: 16.10.2021 06:00
Sist oppdatert: 28.10.2021 13:21