20220623 135619 001
RUSSISK: Ein russisk fiskebåt ved kai på Mjølstaneset i Herøy i august. No vert det innstrammingar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Får ikkje lenger leggje til kai

Den varsla innstramminga for russiske fiskefartøy trer i kraft fredag. Då kan russiske fiskefartøy over 500 bruttotonn berre kome til tre norske hamner.

13.10.2022

(NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug) – Vi ønskjer ikkje at norske hamner og Noreg blir eit transittland for å frakte varer ulovleg til Russland. Derfor strammar vi inn og aukar kontrollen med russiske fiskefartøy.

- Vi vil om nødvendig setje i verk endå strengare tiltak, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ei pressemelding.

Innskjerpinga vart varsla torsdag 6. oktober, men datoen var då ikkje kjend.

Berre tre hamner
Frå no av kan russiske fiskefartøy berre leggje til kai i Båtsfjord, Kirkenes og Tromsø. Dei skal då kontrollerast, og politiet skal vere meir til stades ved hamnene.

Fiskefartøy som ligg på norske verft får høve til å fullføre arbeidet, i tråd med sanksjonsregelverket.

– Det er bra at innstramminga trer i kraft raskt. Politiet vil vareta oppgåvene sine og støtte opp under andre styresmakter, mellom anna gjennom synlegheit og patruljering, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Dei fleste kan halde fram som før
Ifølgje Teknisk Ukeblad skjer likevel heile 80 prosent av anløpa til russiske fiskefartøy i dei tre nemnde hamnene.

Av dei 11.138 besøka frå russiske fiskefartøy i Noreg sidan 2012, har 8.517 vore i Båtsfjord, Kirkenes og Tromsø. I alt 577 av 737 anløp i 2022 har vore i ei av desse tre hamnene.

Regjeringa har ikkje ønskt å svare på om dei meiner fiskefartøya har vorte brukte til etterretning.

– I eit ope samfunn som Noreg må vi ta høgd for at ulike typar av lovleg aktivitet kan misbrukast mellom anna til etterretningsformål. Det følgjer vi med på på generelt grunnlag, og det er også noko av bakgrunnen for at regjeringa har styrkt Politiets tryggingsteneste det siste halvåret, for å auke evna til å førebyggje det, for å avdekkje det og å handtere ein eventuell aktivitet.

- Og så kan eg ikkje gå nærare inn på det konkrete spørsmålet, sa Mehl på spørsmål frå NTB førre torsdag.

Publisert: 13.10.2022 16:30

Sist oppdatert: 13.10.2022 16:31