Får ikkje tak i nok bilar
Olav Fjællingstad i Sykkylven Bil kunne seld mange fleire bruktbilar enn han greier.
- Det er veldig bra. Problemet er at vi ikkje får tak i det som sel, seier dagleg leiar og eigar Olav Fjællingstad i Sykkylven Bil om starten på 2023.
Bruktbilforhandlaren i Sykkylven har meir enn dobla driftsinntektene på fem år, og 2022 blei nok eit år med inntektsvekst.
Det er bilar opp til 250.000 kroner, frå 2010- til 2020-modellar, som utgjer storparten av bilane Fjællingstad sine kundar kjøper.
Slutt på elbil
I fjor blussa etterspørselen etter brukte elbilar opp, truleg på grunn av at folk ville ha ein elbil for å pendle gjennom bommane i Ålesund, etter Fjællingstad si vurdering.
Før fjoråret selde Fjællingstad knapt elbilar, og etter sommaren i fjor tørka etterspørselen etter brukte elbilar inn igjen.
Det er diesel- etter bensinbilar folk spør etter, seier Fjællingstad til NETT NO.
Også i fjor hadde Fjællingstad vanskar med å få tak i nok bruktbilar.
Då forplanta forseinkinga og lange leveringstider i nybilmarknaden til bruktbilmarkedet.
- Når folk må vente på ny bil ventar dei også med å selge den gamle. Det har aldri vore tøffare å få ta i dei bilene vi vil ha, sa Fjællingsdal i fjor.
Hittil i år har det registrert personbilsalet gått ned med fem prosent samanlikna med same periode i fjor. Det gjer at det også i år kjem færre brukte bilar i innbytte enn året før.
Sykkylven Bil as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 44,1 | 37,4 |
Driftsresultat | 0,8 | 1,4 |
Resultat før skatt | 0,7 | 1,3 |
Publisert: 15.06.2023 05:00
Sist oppdatert: 14.06.2023 20:11