Lars Stenerud innfelt Plastom foto Plasto
FLEIRE KUNDAR TIL PLASTO: Johan Fagerheim (biletet) har arbeidd hos Plasto på Åndalsnes i 35 år og var ein av dei første i selskapet som spesialiserte seg på støyping av store plastkomponentar, eitt av største satsingsområda til bedrifta i dag. Innfelt medeigar og dagleg leiar Lars Stenerud. Foto: Plasto
Nytt

Får kundar som før gjekk til Asia

Plastkomponentprodusenten Plasto på Åndalsnes ligg an til å nå rekordomsetning i år.

05.08.2022

Kundar som tidlegare fekk plastkomponentane sine laga i Asia søker no til Plasto på Åndalsnes og andre liknande bedrifter i Noreg og resten av Europa. Grunnen er uro og uvisse om leveringstid og leveringstryggleik fortel dagleg leiar og eigar Lars Stenerud.

Kundane vil ha leverandørane sine nærare seg. Til og med formene som produkta skal støypast i blir det no etterspurt skal vere laga mellom andre av Plasto.

Dette, saman med generell oppgang i marknadane Plasto er i, medverkar til veksten.

Oppsving
Plasto auka driftsinntektene med 23 prosent frå 2020 til 2021. Så langt i år har driftsinntektene passert 60 millionar kroner, og Stenerud seier "det kan godt hende" at selskapet i år slår driftsinntekt-rekorden på 110 millionar kroner frå 2014.

Lars Stenerud

Lars Stenerud er dagleg leiar i plastkomponenten Plasto og madrassprodusenten Wonderland, begge med hovudkontor og fabrikk på Åndalsnes.

Han er eigar av Plasto as saman med broren Knut Johan Stenerud.

Wonderland er eigd av selskapet Rauma Venture, med fem aksjonærar. Brødrene Stenerud sitt investeringsselskap Stenerud Holding eig 41,67 prosent. Lars Stenerud sitt selskap Relaks Invest eig 8,33 prosent. Dei andre aksjonærane er Nils Heggem as (8,33 prosent), Ura Holding as (25 prosent) og Svein Berg Holding as (16,67 prosent). Ura Holding er eigd av enterprenør Arvid Gjerde og familie.

Wonderland fabrikk foto Ogne
MØBELBOOM UNDER KORONA: Wonderland har hatt eit oppsving under korona, som resten av møbelbransjen. Wonderlandsjef Lars Stenerud er spent på korleis marknaden utviklar seg framover. Foto: Ogne Øyehaug

Omlag halvparten av inntektene til Plasto kjem frå sal av plastkomponentar laga til oppdrettsbransjen. Det er ein marknad som framleis er i god vekst, men selskapet veks enda meir i andre marknader, seier Stenerud.

I fjor starta Plasto produksjon av plastkomponentane til elbilladeboks-leverandøren Easee og neste år kjem nye leveransar til oljebransjen til å slå inn.

Fabrikk utan folk
Plasto har 35 tilsette, som styrer ein høgt automatisert fabrikk. Mykje av arbeidsoppgåvene er å passe på at maskiner og utstyr er i orden, slik at fabrikken kan tikke og gå også utanom ordinær arbeidstid.

I årets sommarferie var fabrikken i full drift i to veker, utan anna tilsyn at ein person fekk varsel på mobiltelefonen sin og reiste til fabrikken om noko stoppa opp.

Usikker på møbelbransjen
Stenerud er også medeigar og dagleg leiar i madrassprodusenten Wonderland på Åndalsnes, ein av tre større madrassprodusentar i Noreg. Wonderland har 115 tilsette.

Wonderland auka driftsinntektene med 21 prosent frå 2019 til 2021 (sjå tabell) Folk brukte meir pengar på oppussing og fornying heime i koronatida.

No er Stenerud spent på korleis møbelsalet, medrekna madrasser, vil utvikle seg.

- Eg ser for meg at vi kan sjå kapasitetstilpassingar i møbelindustrien neste år, seier han.

Plasto as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt92,075,0
Driftsresultat6,35,5
Resultat før skatt5,84,7
Wonderland as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt363,1345,9
Driftsresultat 15,921,5

Resultat før skatt

12,215,9

Publisert: 05.08.2022 10:00

Sist oppdatert: 05.08.2022 10:11

Mer om