Brosundet Ålesund
BYUTVIKLING: Ålesund, Molde og Kristiansund får midlar til å gjere byane meir attraktive. Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Får støtte til å utvikle Ålesund, Molde og Kristiansund

Byane skal vere regionale motorar. Får 1,9 millionar kroner med fylket.

30.11.2021

Molde får 800.000 kroner, Ålesund 650.000 kroner og Kristiansund 450.000 kroner for å utvikle byane som regionale motorar.

Det har kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal vedtatt tysdag.

Molde har tidlegare fått 500.000 kroner til same prosjekt, Ålesund har fått ein million kroner. I tillegg sette fylket i perioden 2017 – 2020 av 25 millionar kroner til fleire utviklingstiltak i dei tre byane.

Prosjektet har som mål å utvikle attraktive, godt fungerande, urbane sentra i byregionane som skal gjere det meir attraktivt å bu i byane og omlandet. Vidare har det vore eit mål at meir attraktive byar med omland skal gjere det lettare for næringslivet å halde på og tiltrekke seg kvalifisert arbeidskraft.

Viktige byrom
Midlane til Ålesund kommune skal gå til utvikling av St. Olavs plass, Korsatunnelen og Harald Torsviks plass, prosjekt som tidlegare er støtta av fylkeskommunen, men ikkje sluttført.

I grunngjevinga vert det vist til at dette er viktige byrom for Ålesund å ta tak i, ikkje minst ettersom Bypakke Ålesund er vedtatt og arbeidet med kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum er sett i gang.

Innbyggjarlab i Molde
I Molde var planen å etablere ein «InnbyggarLab» på Molde rådhus, men kommunen har no vedtatt å etablere ein slik funksjon i eit anna egna lokale der kommunen møter innbyggjarane, blant anna gjennom digitale kanalar og utstillingsmateriell.

I grunngjevinga vert det her vist til at godt medverknadsarbeid er ein føresetnad for berekraftig by- og samfunnsutvikling. Ein sentralt plassert InnbyggarLab med utadretta funksjonar vil kunne fungere som eit viktig bindeledd mellom kommune, næringsliv, organisasjonar og innbyggarar.

Midlane til Kristiansund skal gå til gjennomføring av ei kartlegging av behovet for kunnskaps- og kompetanseheving innan berekraft i kommunen, samt til eit overordna forprosjekt «Attraktiv region» som skal leggje grunnlaget for meir strukturert, regionalt samarbeid for å styrke attraktiviteten til Kristiansund og omliggande kommunar.

Publisert: 30.11.2021 09:15

Sist oppdatert: 01.12.2021 11:51