BLAHUSET Marita Skar May Lise Myklebusthaug Sport Outlet foto Marius
ULSTEINVIK: May-Lise Myklebusthaug (t.v.) og Marita Skar frå nabokommunen Herøy stod først i køa då Sport Outlet opna ny butikk på Alti Blåhuset-senteret. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Først i lang kø for butikkopning

Ulstein-senter opna kjempebutikk. Er i dialog med nye aktørar som vil inn i ledige lokale.

Marius Rosbach
24.10.2024

Torsdag var det lang kø utanfor dørene til den nye Sport Outlet-butikken ved kjøpesenteret Alti Blåhuset i Ulsteinvik.

Fremst i køa stod Marita Skar og May-Lise Myklebusthaug. Dei fortel at det var tilbod på Hoka-sko som freista dei to herøyværingane til å ta turen til nabokommunen.

– Eg har vore ein del ved butikken i Ørsta, og det er kjekt å få denne butikken som er litt nærare, fortel Skar til Nett No. 

BLAHUSET ko Sport Outlet foto Marius
LANG KØ: Mykje tyder på at Sport Outlet-butikken som opna torsdag, vil bli eit populært tilbod ved senteret. Foto: Marius Rosbach

I dialog med fleire aktørar
I lengre tid har det vore store ledige lokalar i andre etasje ved senteret. Sport Outlet-butikken som er på heile 1200 kvadratmeter, fyller mykje av det ledige arealet. 

Assisterande eigedomssjef Gro Gjerdevik i Alti Forvaltning hadde teke turen til Ulsteinvik for å gratulere med opninga. Ho fortel at dei jobbar med fleire aktørar som vil inn i dei andre ledige lokala.

– Vi ser på korleis vi kan utnytte arealet best mogleg, og kva som er viktig å få inn for å få ein god miks. Vi har eit godt tilbod i Ulsteinvik, men vi ser kva som er viktig både for senteret og heile Ulsteinvik, seier ho til Nett No. 

Blahuset Gro Gjerdevik Camilla Kvammen Madeleine Vatne Viddal alti foto Marius
GRATULASJONAR: Marknadskoordinator Madeleine Vatne Viddal (t.v.) og assisterande eigedomssjef Gro Gjerdevik i Alti saman med butikksjef Camilla Kvammen (midten). Foto: Marius Rosbach

For augneblinken har dei to lokale i andre etasje ved kjøpesenteret. Gjerdevik fortel at dei tenker å bygge om litt før dei får inn nye aktørar. 

– Målet er å få fylt det opp så fort som mogleg, men det må passe for alle. Og vi ventar heller eit halvt år for å få den rette leigetakaren, enn å ta inn noko som ikkje passar optimalt i miksen, seier Gjerdevik.

Sjette butikken på Nordvestlandet
Sportskjeda er i sterk vekst, og Ulstein-butikken er den sjette som bli etablert på Nordvestlandet. Frå før er dei til stades i Molde, Stryn, Ørsta, Ålesund, Åndalsnes. 

Butikksjef Camilla Kvammen ved Sport Outlet-butikken har med seg ni tilsette som jobbar i ulike stillingsbrøkar ved butikken.

Blåhuset-kjøpesenteret har tidlegare stått på «eigne bein», men blei tidlegare i år samde med Alti om å bli ein del av deira kjede. 

Butikkane på senteret omsette til saman for 221 millionar kroner i 2023.

Publisert: 24.10.2024 11:16

Sist oppdatert: 25.10.2024 19:33

Mer om