Helene Holstad foto privat
SOLID VEKST: Senterleiar Helene Holstad ved Amfi Ulsteinvik er godt nøgd med ein omsetningsvekst på drygt 16 prosent i fjor, fleire gonger meir enn snittet for dei Olav Thon-eigde sentera. Foto: Privat
Nytt

Supervekst og klar for utviding

Amfi-senteret i Ulsteinvik er vekstvinnaren av Thon-sentera på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
05.01.2024

Fredag kom ferske omsetningstal for alle Thon sine kjøpesenter rundt om i landet.

Amfi Ulsteinvik auka omsetninga desidert mest av dei fire Thon-eigde kjøpesentera på Nordvestlandet. 16,3 prosent auke i omsetninga og 11,4 prosent fleire besøkande, vart fasiten for Ulstein-senteret i 2023.

– Det er heilt vanvitige tal og resultata kjem utan at det har vore noko endring i talet på butikkar, seier senterleiar Helene Holstad til NETT NO.

I reine tal blei det selt varer og tenester på senteret for 343 millionar kroner og talet besøkande kom på nær 1,2 millionar.

– Alle bransjegruppene våre hadde auke, og mest auke var det på daglegvare og spesialbutikkar. Spesielt Kiwi hadde stor framgang, og det trekk folk til resten av senteret også, seier Holstad.

  • Sjå tala for dei andre Thon Gruppen sine kjøpesenter på Nordvestlandet under
Amfi Ulsteinvik foto Joar Ødegård 11
STØRRE OMBYGGING: Store delar av første etasje ved Amfi Ulsteinvik-sentret skal byggjast om framover. I delen lengst til venstre har det vore bowlinghall. Arealet blir no innlemma i kjøpesenteret. Foto: Joar Ødegård

Skal i gong med større ombygging
Senteret i sentrum av Ulsteinvik står no ovanfor ei større ombygging som vil vere i full gong dei neste vekene. Heile første etasje – forutan Kiwi-butikken – skal byggjast om.

Samtidig skal den tidlegare bowlinghallen innlemmast i senteret. Til saman er det snakk om ei auke i areal på kring 600 kvadratmeter.

– Her skal vi mellom anna ha inn ein ny Normal-butikk. Også blir fellesarealet oppgradert med nye fasadar, nytt golv og ny belysning. Etterpå skal vi utvikle andre etasje vidare, seier Holstad.

Truleg ferdig til sommaren
Ombygginga vil truleg vere klar i løpet av første halvår. Normal-butikken vil opne tidlegare, men førebels kan ikkje Holstad opplyse kva tid.

Senteret har også eit lokale mot nord med store glasvindauge, der det tidlegare har vore restaurant.

– Vi har eit areal i den bua på nær 150 kvadrat der vi skal ha inn noko eige, men eg kan ikkje seie kva det blir enno, legg ho til.

Olav Thon Gruppen overtok Amfi-senteret ved inngangen til 2023 frå lokale eigarar i Ulstein-familien.

Til saman har konsernet ei bygningsmasse her på 12.500 kvadratmeter. Det inkluderer også fleire kontorlokale, der mellom anna Ulstein lensmannskontor held til.

Alle dei Thon-eigde kjøpesentera i regionen auka omsetninga i fjor (sjå tabell under).

Amfi Moa i Ålesund er desidert størst og nådde akkurat 3,5 milliardar i omsetning og ei auke på 4,8 prosent. Senteret er konsernet sitt fjerde største i landet målt etter omsetning.

Amfi Roseby er på 10. plass over dei største Thon-sentera og auka omsetninga med 4,7 prosent til drygt 2,2 milliardar. Moldetorget som er mellom dei mindre sentera, auka omsetninga med 6,3 prosent til 277 millionar kroner.

Thon Gruppen har 78 kjøpesenter rundt om i landet, som i fjor omsette for 78 milliardar kroner. Den samla veksten var på 5,2 prosent.

KjøpesenterOmsetning (mill. kr.)Vekst
Amfi Moa3 5004,8 %
Amfi Roseby2 2304,7 %
Amfi Ulsteinvik34316,3 %
Moldetorget2776,3 %

Kjelde: Olav Thon Gruppen

Publisert: 05.01.2024 15:21

Sist oppdatert: 05.01.2024 15:22

Mer om