Foerst i Norge med banebrytande teknologi
SUPERBRILLE: Når Håvard Notøy tek på seg desse brillene kan det han ser overførast direkte til ein PC ein eller anna stad ute i verda.
Nytt

Først i Norge med banebrytande teknologi

Utstyrt med det nyaste nye på IT-fronten kan Fosnavåg Technology Centre (FOSTECH) tilby revolusjonerande mulegheiter for mellom anna visuell kommunikasjon mellom sjø og land.

Administrator
28.11.2016
- Dette er ikkje berre noko vi trur. At dette er framtida tvilar vi ikkje eit sekund på, og dette er det mest spennande eg har jobba med nokon gong.
Det seier Håvard Notøy, som med bakgrunn frå leiande stillingar i mellom andre Rolls-Royce og Havyard hoppa av og etablerte sitt eige selskap i 2015. Her satsar han på å sette FOSTECH i førarsetet når det gjeld å ta i bruk teknologiske nyvinningar som kan forenkle operasjonar og gi store innsparingar på område som fram til i dag har vore betydeleeg utgiftspostar. Dette gjeld ikkje minst innafor det maritime området.

Første i Norge

Ei brennheit teknologisk nyvinning er den nye superbrillen som Microsoft har utvikla, og som er så fersk at den enda ikkje har vore å få tak i utanfor det nordamerikanske kontinentet.
Difor reiste Notøy sjølv over og kjøpte teknologen. Brillesettet han kom tilbake med vart det første i sitt slag i Norge og ein av fire-fem første som er komne til Europa.

Problemløysar

- Når eg tek på meg desse brillene om bord i ein båt, kan folk som sit på land sjå akkurat det same seg eg ser. Alt eg ser framfor meg kan sendast til ein PC ein eller annan stad i verda, forklarar han.
Kva denne visualiseringa vil kunne bety når det gjeld å løyse problem som kan oppstå i eit maskinrom, eller kvar det måtte vere på ein båt, utan å måtte sende folk rundt halve jorda, meiner han dei best kan svare på som jobbar med slike ting til dagleg.
Brillen er eigentleg ei datamaskin og har nesten eit bruksområde som er nesten like stort som ein PC. Den trådlause teknologien gjer det muleg for operatøren å bevege seg fritt omkring i eit fartøy.
Notøy røpar at dei snart vil vere klar med ei eigenutvikla video-/samhandlingsløysing som sikrar høg video- og samtalekvalitet på ekstremt lave nettforbindelsar.
- Kva som blir vårt bruksområde har vi brukt nesten eit halvt år på å finne ut av, seier han.
For at dei skal kome igang, og begynne å generere inntekter til selskapet, har dei valt å starte med det som er mest nærliggande. Satsingsområdet frå starten av blir difor offshore, fiskeri og oppdrett. Dette er næringar som veit alt om kva tradisjonell service og feilretting kostar.Notøy fortel at dei har ei målsetting om å få brillen om bord i dei ti første båtane før jul. Dei ti første får den til halv pris.
- Dette blir gulrota til dei som vil vere med på testopplegget vårt, seier han.

Folk blir mållause

Med denne teknologien kan service- og ettermarknaden sjåast på med heilt nye auge, og dei ansvarlege på land kan med størst muleg sikkerheit vere trygg på at det er rett person med rett del som blir send om bord.
- Vi har allereie hatt dei første demonstrasjonane for bransjefolk, og reaksjonane har ikkje uteblitt. Folk får hakeslepp, eller blir mållause når dei ser og skjønar kva mulegheiter og bruksområde som denne teknologien opnar for, seier Notøy.

Spennande eksperiment

For å illustrere litt av spennvidda i den nye teknologien let Notøy oss få teste eit prosjekt han nyleg fekk gjennomført i samarbeid med Herøy kommune på dei maritime grunnkarta for Søre Sunnmøre.
Vi kan skrive under på at det å kunne stikke hovudet under sjøflata , dykke nedover og studere den undersjøiske topografien frå sjøbotnen inn på land, gav ei heilt anna oppleving enn berre å studere karta på ein flat skjerm.
- Ein liten kuriositet, kanskje, men vi er dei første i verda som har gjort dette med denne teknologien, fortel han.

Trening og opplæring

Notøy fortel at neste steg i forhold til den maritime industrien kan vere å ta den nye teknologien i bruk i samband med trening og opplæring. I så måte kunne Notøy knapt ha valt ei meir strategisk plassering av bedrifta si.
- Rundt kvart einaste gatehjørne her i Fosnavåg møter vi sjøfolk og fiskarar, og saman med desse kan vi til dømes lage treningsprogram på ein mykje enklare og billegare måte enn i dag, seier han.

I fremste rekkje

Håvard Notøy meiner det er vanskeleg å sjå dei ytre grensene for kva den nye AR-teknologien kan brukast til i framtida. Teknologien kan kallast ei slags blanding mellom det verkelege og det kunstige (mixed reality), og blir sett på som det neste store etter virtuell reality.
Denne teknologien er den unge Fosnavåg-bedrifta mellom dei første i verda til å ta i bruk. I Norge var dei først ute, og pr. i dag er det ingen andre her til lands som er komne så langt innan maritim næring med såkalla holografisk computing som dei. Kva dei styrer med i Fosnavåg Technology Centre er det mange som har begynt å lure på.
- Telefonane vi får tyder på at det ikkje berre er i Norge folk har høyrt om oss, smiler Notøy som frå starten av har gjort det meste åleine.

Vil rekruttere

For å ta konseptet og selskapet vidare har Notøy starta arbeidet med å rekruttere fleire medarbeidarar. Den første i så måte er Jonas Aklestad som kjem rett frå NTNU i Trondheim med datakompetanse som spesialfelt. Fleire er på veg om bord, og fleire vil kome til etter kvart, og Notøy satsar på at dei første som sluttar seg til han også skal få kome inn på eigarsida i selskapet.
Når eg tek på meg desse brillene om bord i ein båt, kan folk som sit på land sjå akkurat det same som eg ser

Publisert: 28.11.2016 06:00

Sist oppdatert: 07.03.2024 14:06

Mer om