Foerste cruiseskip med X Bow paa vatnet
KLAR FOR SJØSETTING: Det drygt 104 meter lange ekspedisjonscruiseskipet er det første i denne marknaden som er utstyrt med X-Bow-en frå Ulstein. 
Nytt

Første cruiseskip med X-Bow på vatnet

Sjøsett under storslagen seremoni ved verftet i Kina. 

Marius Rosbach
18.03.2019
Etter å at Ulstein har selt meir enn 100 skipsdesign men den prisvinnande X-Bow-en, har no også eit cruiseskip med baugløysinga kome på vatnet.
I førre veke vart det første av Sunstone sine cruiseskip sjøsett ved CMHI-verftet i Kina, ifølgje ei frå Ulstein.

Skipet er det første av Ulstein Group skal designe for Sunstone. I tillegg har dei opsjonar på seks nye cruiseskip for det amerikanske cruiseselskapet.

Kalla opp etter grunnleggjar

Det 104 meter lange cruiseskipet som vart sjøsett førre tysdag, skal heite «Greg Mortimer» etter grunnleggjaren av operatørselskapet Aurora Expeditions.
Tidlegare har Ulstein designa den litt mindre luksusyacten Olivia O, som også var utstyrt med X-Bow. Skipa som Sunstone skal operere, er dei første cruiseskipa som får denne baugforma.

Les meir:


Fleire representantar frå Ulstein hadde teke turen til verftet for å vere med på den storslagne seremonien. Same dag var det også brennestart for skip nummer tre i serien.

Første ekspedisjonscruiseskip frå Kina

Arbeidet med skipet som no er på sjøen, starta for eitt år sidan. Niels Erik Lund i Sunstone opplyser at dei har jobba godt med leverandørar og serviceaktørar for å få til dette.
– Dette er første gong eit ekspedisjonscruiseskip vert bygd på eit kinesisk verft. Framdrifta har vore jamn og ligg på plan. Eg er overtydd om at vi kjem til å få sjå ei trygg og god levering av dette fartøyet seinare i år, slik at fartøyet kan starte turane sine til Antarktis denne vintersesongen, seier han i pressemeldinga.
Dei isklassa skipa vil få plass til mellom 130 og 200 passasjerar og eit mannskap på mellom 85 og 115.

Publisert: 18.03.2019 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32