Bilde 2
GJER ALT SJØLV: Arbeidsbåten til oppdrettselskapet Nordlaks skal byggast heilt frå grunnen hos Havyard Leirvik. Illustrasjon: Havyard Leirvik
Nytt

Første nybygg til «nye» Leirvik

Byggjer sitt første skrog i dette årtusenet.

Den 28 meter lange og 13,2 meter breie arbeidsbåten skal byggast for oppdrettsselskapet Nordlaks, og blir den første båten som blir bygd heilt frå grunnen ved Havyard Leirvik sidan før år 2000.

I 2002 sette verftet saman ferdige seksjonar til eit skip for siste gang, og må gå enda fleire år attende for å finne sist gang verftet sto for heile skrogbygginga sjølv, seier dagleg leiar Tor Leif Mongstad til NETT NO.

Etter 2002 har verftet fått ferdige skrog og berre stått for utrustninga av fartøya.

"Vi er stolte av å fortsatt ha kompetansen til å bygge komplette båter ved verftet, samtidig som det gir oss flere muligheter i prosjektgjennomføringen.", skriv verftet i ei pressemelding.

Partane opplyser ikkje prisen på fartøyet.

Satsar på nybygg
Selskapet Eqva har nyleg blitt samde med Tersan Shipyard om eit sal.

Med ny eigar skal det på ny satsast på nybygging ved verftet, i tillegg til reparasjon-, ombygging og vedlikehaldsoppdrag, ifølgje Mongstad. Det betyr fleire jobbar.

- Vi må oppbemanne i samband med at vi no skal inn i nybyggingsmarknaden igjen, seier Mongstad.

Publisert: 20.11.2023 12:53

Sist oppdatert: 20.11.2023 13:26