Tersan kjøper Havyard Leirvik
Tyrkisk verft blir norsk verftseigar.
Tersan Shipyard i Tyrkia kjøper selskapet Havyard Leirvik Holding as, som inkluderer datterselskapa Havyard Leirvik as og Havyard Leirvik Eiendom as.
Det skriv seljaren, det børsnoterte selskapet Eqva , i ei pressemelding. Eqva heitte tidlegare Havyard Group.
Tersan Shipyard betalar 30 millionar for aksjane i verftet ved Sognefjorden.
Eqva - tidlegare Havyard Group - var allereie i samtalar med moglege interessentar og venta å vere i mål med prosessen med å selje eller skille ut Havyard Leirvik innan sekst til 12 månadar, skreiv selskapet i delårsrapporten for 1. halvår i år.
Tyngdepunkt i Sunnhordland
Eqva er resultatet av at storparten av verksemda i Havyard Group blei skilt ut og lagt inn i Hav Group, før Hav Group blei børsnotert.
Det som låg att i Havyard Group var i hovudsak skipsverftet ved Sognefjorden, Havyard Leirvik.
I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane i Havyard Group - som etterpå skifta namn til Eqva.
Transaksjonen gjorde og at storparten av aktiviteten Eqva-konsernet foregår datterselskap i Sunnhordland og Bergen. Berre verftet i Leirvik og hovudkontoret i Fosnavåg har tilsette nord for Sognefjorden.
Mange norske kundar
Tersan Shipyard er godt kjent med norske kundar og den norske marknaden.
Mellom anna er dei fire passasjer- og godsfartøya til Havila Kystruten bygd der, skroget til Rimfrosts nye krillskip blir bygd der, linebåtreiarlaget Leinebris sitt nye fartøy skal leverast frå Tersan Shipyard i Tyrkia i 2025 og to kundar av skipsdesignselskapet Skipsteknisk har gitt Tersan jobben med å bygge fartøy i år.
Les også
Nederlandsk reiarlag vil ha nummer tre og fire med nytt design.
Havila Kystruten skal byggje alle sine fire kystruteskip i Tyrkia.
Medlem i Norske Skipsverft
Havyard Leirvik er medlem i sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
Norske Skipsverft har dei seinare åra trappa opp si rolle som ein interesseorganisasjon for verfta, og vore kritiske til korleis styresmaktene handterer konkurransen frå tyrkiske verft.
Les NETT NO-reportasje frå 2014 om planane og ambisjonane til tyrkisk verftsindustri i lenka under:
Seinast i vår sende Norske Skipsverft ut ei pressemelding norske skipsverft blir diskriminert og at det blir opplevd som "absurd at norske offentlige fartøyanskaffelser plasseres i Tyrkia hvor myndighetene bevisst lager konkurransevridende ordninger for sin nasjonale industri", sa dagleg leiar Asle Strønen i pressemeldinga Norske Skipsverft sende ut.
Dei viktigaste konkurransevridande ordingane Norske Skipsverft peikar på er garantiar for opptil 70 prosent av kontraktsverdien, eksportkreditt og eksportgredittgarantiar, gebyrfritak, fritak for eigedomskap og moms, i tillegg til utsett skatt om overskot blir reinvestert i verfta.
"Salget av Havyard Leirvik vil frigjøre viktige ressurser, og Eqva vil fortsette å fokusere på videreutvikling av sin nåværende industrielle portefølje og se etter nye investeringsmuligheter. Vi er trygge på at Tersan vil være en sterk ny eier for Havyard Leirvik, med tydelig strategisk interesse for å fortsette sin stolte industrielle tradisjon. Som en ledende aktør i bransjen har de dokumentert ekspertise og lokal kunnskap fra samarbeid med et bredt spekter av kunder innen maritim og havbruksnæring. For Eqva er det viktig at vi etterlater verftet i gode hender" seier styrleiar Even Matre Ellingsen i Eqva i ei pressemelding.
Eqva skal halde fram med å sjå etter industrielle service-selskap som merkar til grøn omstilling i maritime, kraftintensive og fornybare industriar, skriv selskapet i pressemeldinga.
Eqva legg fram tal for 3. kvartal onsdag 15. oktober.
Publisert: 13.11.2023 08:00
Sist oppdatert: 13.11.2023 10:19