Panchalingam Visualingam Vello Nordic foto Ogne
RINGVERKNADAR: Pancahlingam Visualingam kontrollerer foringa av glassfiber til profilstøypinga hos Vello Nordic. Trass vanskane koronapandemien har skapt og framleis skaper for selskapet, auka Vello Nordic arbeidstokken og ventar auka sal neste år. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Første plussresultat på 27 år

I første halvår fekk Vello Nordic sitt første overskot sidan starten i 1994. I haust skaper ringverknadane av koronapandemien uvisse.

20.09.2021

Medan deler av næringslivet ser slutten på verknaden av koronapandemien, har utfordringane pandemien skaper blitt større utover 2020 for Vello Nordic, fortel dagleg leiar Frode Urkedal.

Det handlar om alt, frå kostnadsauke på både varer og transport, til rett og slett vanskar med å få ta i råvarene selskapet treng for å produsere. Og sjølv om Vello Nordic kan levere som planlagt er det uvisse knytt til om leveransane bli noko av, fordi kunden kan ha vanskar med å få ta i det kunden treng frå andre leverandørar.

Vanskane har berre spreidd seg utover til nye aktørar i løpet av 2021, og tidvis har det vore rasjonering på varene Vello Nordic treng, fortel Urkedal.

Det er snakk om negative ringverknadar som forplantar seg rundt i verdsøkonomien.

- Etterkvart som ein løyser eitt problem på eitt område, dukkar det opp eit nytt, seier Urkedal.

I pluss for første gang
Vello Nordic på Håhjem lagar profilar i glas- og karbonfiber. Selskapet blei etablert i 1994 og flytta inn i dagens lokale på Håhjem i tidlegare Skodje kommune i 2017.

I 2020 vart det bråstopp då koronapandemien og smitteverntiltaka kom. Bestillingar vart kansellert eller utsett og store deler av arbeidsstokken var permittert frå april til september.

I tillegg tok selskapet også andre ekstraordinære kostnadar mellom anna knytt til produksjonen.

Utover hausten i fjor betra lønsemda seg vesentleg, mellom anna fordi selskapet sette opp prisane, men ikkje nok til å unngå eit nytt år i minus (sjå tabell).

I første halvår i år gjekk selskapet i pluss, fortel Urkedal. Det er første gang med overskot før skatt sidan starten til selskapet, men uvissa knytt til koronakonsekvensane gjer at Urkedal ikke vil spå om utfallet for heile 2021.

Treng fleire folk
For 2022 ventar Vello Nordic vekst, og er nett no ute og rekrutterer fem nye tilsette til produksjonen.

Det er signal frå kundar om komande større ordrar som er gjer at selskapet oppbemannar. Med fem mye på plass vil Vello Nordic har omlag 40 tilsette.

Søskena Bjørn Stafset, Laila Kristin Stafset og Knut Inge Stafset eig Vello Nordic gjennom selskapet Tasso.

Søsterselskap til Spilka Industri
Under Tasso-paraplyen ligg også Spilka Industri, som er det største selskapet i konsernet.

Spilka Industri er først og fremst kjent for vindusbeslaget som gjorde det råd å vippe vindu rundt og vaske begge sider, inne frå romet. Først blei det kalla "Husmorvinduet ", deretter "H-vinduet" og beslagproduksjonen var lenge ei pengemaskin, sjølv etter patentet på beslaget gikk ut i 1992.

Etterhvert hardna konkurransen for beslaget til. Det er bakgrunnen for at Spilka satsa på aluminiumsbekledning og -sprosser, som eit nytt bein å stå på.

I 2020 hadde Spilka Industri sine høgaste inntekter sidan 2008 og snudde minus til pluss.

I år held veksten og lønsemda fram med å auke, sa administrerende direktør Terje Bøe til NETT NO i juli.

Målet er å auke driftsinntektene opp mot 300 millioner kroner innan 2023.

Vello Nordic as

20202019
Driftsinntekt36,041,1
Driftsresultat-6,4-2,0
Resultat før skatt-6,4-2,2

Publisert: 20.09.2021 12:45

Sist oppdatert: 20.09.2021 13:35

Mer om