Ser slutten paa 24 aar i motbakke
MEIR FOLK: Erlend Smistad og Panchalingam Visualingam kontrollerer foringa glassfiber til profilstøypinga hos Vello Nordic i den tidlegare Stokkefabrikken på Håhjem i Skodje. I dag har selskapet 30 tilsette og ser etter fleire.
Nytt

Ser slutten på 24 år i motbakke

2019 kan bli det første året i pluss for Vello Nordic, etter starten i 1994.

27.08.2019
2018 blei eit nytt år med underskot for Vello Nordic, som lagar profilar i glas- og karbonfiber. (sjå tabell). År etter år med underskot har gjort at tanken på å avvikle og legge ned har dukka opp, vedgår Bjørn Stafset.
- Vi har halde på i 24 år, så den tanken har streifa meg ganske ofte, seier Stafset.
Han eig Vello Nordic gjennom selskapet Tasso, saman med søskena Laila Kristin Stafset og Knut Inge Stafset.

Meir optimist enn nokon gong

I 2017 flytta Vello Nordic inn i den tidligare Stokke-fabrikken på Håhjem i Skodje.
Trass i uventa problem med å kalibrere produksjonslinjene til eit nytt golv og avdekking av eit stor oppgraderingsbehov i maskinparken blei flyttinga eit vendpunkt. Etterpå at ikkje tanken på avvikling streifa han meir, seier Stafset.
Før var produksjonskapasitet ein flaskehals. Når storparten av oppgraderinga av maskinparken er ferdig tidleg i 2020 har Vello Nordic 10 produksjonsliner mot tre før.
- For min eigen del har eg aldri vore meir positiv, seier Stafset.

Gjennombrot i oljebransjen

Grunnen til Stafsets positivitet er mellom anna ein stor kontrakt i oljebransjen, med høgare marginar enn storparten av selskapet øvrige produkt.
Vello Nordic har laga ein 12,5 kilometer lag karbonfiberkabel til bruk offshore, og skal lage minst ein til. Kabelen blir brukt både til å løfte og sende datakommunikasjon.
Det er ein produksjon som går døgnet rundt i omlag to veker, der heile kabelen må lagast i eitt stykke.

Fleire folk

I dag har Vello Nordic 30 tilsette, og skal ha fleire.
- Vi treng fleire folk no når vi skal over på fem-skiftsordning, seier dagleg leiar Frode Urkedal. Han byrja i jobben i fjor haust.

Husmorvinduet

Grunnen til at Stafset-søskena har kunne finansiert Vello Nordic så lenge er beslagprodusentent Spilka Industri.

Spilka Industri hadde patent på eit vindusbeslag som var ein kjempesuksess i vindusbransjen. Først lansert under namnet husmorvinduet, blei beslaget populært fordi det gjorde det råd å vippe vinduet rundt og stå inne og vaske vinduet både på innsida og utsida. Patentet gjekk ut allereie i 1992. Då kunne kven som helst kopiere og produserer beslaget, men Spilka Industri greidde likevel å halde ein sterk posisjon i marknaden- mellom anna takka vere ein automatisert produksjon.

Større konkurranse

Men etterkvart har andre produsentar starta eigen produksjon av beslaget. Samstundes er nye beslagstypar utvikla, ventilasjonssystem har gjort opning av vindu mindre viktig for å få frisk inneluft og isolasjonskrav og arkitektonisk smak er endra. Alt dette har redusert potensialet for det tradisjonsrike beslaget hos Spilka Industri og medverka til at driftsinntektene var lågare i 2018 enn 2008.
Svaret frå Spilka-eigarane har vore å satse på eit nytt produkt, alumiumsprofilar for vindusbransjen.
Det betyr også overgang til ein meir ordrestyrt produksjon, som er langt meir krevande enn den meir lagerbaserte produksjonen av beslag.
Vi treng fleire folk no når vi skal over på fem-skiftsordning

Publisert: 27.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 16.03.2022 12:24

Mer om