Her er den nye Vard leiinga 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
UT AV LEIINGA: Dette biletet er Vards presentasjon frå 2020 av den nye leiinga i verftkonsernet. Attilio Dapelo (t.v.) skal leie cruiseskipavdelinga, Alberto Maestrini (midten) starta nyleg som konsernsjef og Fredrik Mordal Hessen er nye leiar for offshore- og spesialskip. Foto: Vard
Nytt

Går frå Vard til Anda-Olsen

Fredrik Mordal Hessen skiftar beite.

07.12.2023

I 2020 rykka Fredrik Mordal Hessen opp til å leie forretningsområdet Offshore & Spesialskip i Vard, og vart einaste frå Nordvestlandet i leiartrioen i Vard.

No har han skifta jobb og blitt «head of sales and business development» i Anda-Olsen.

Ålesund-selskap med god vekst
Ålesund-selskapet lagar anlegg som sikrar at straumtilførselen blir oppretthalden utan opphald også ved brot i straumnettet.

Selskapet har hatt ein nesten samanhengande vekst i 25 år. I fjor passerte dei 105 millionar kroner i driftsinntekter.

«Det har vært inspirerende å følge selskapet og se hvordan det har tatt steget fra agenturvirksomhet til å utvikle egen teknologi og produkter», uttalar Hessen om jobbskiftet i meldinga.

Hessen jobba i Vard frå 2016, som verftsdirektør, og som nestleiar for forretningsområdet «offshore & specialized vessels» - og frå november 2020 leiar for det same forretningsområdet.

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med Hessen.

Publisert: 07.12.2023 16:43

Sist oppdatert: 07.12.2023 20:22