Rev Ocean etter ombygging Illustrasjon Vard 11
BLIR LENGRE: Rev Ocean-skipet var designa til å vere 183 meter langt - og dermed verdas lengste yacht. No blir den truleg 12 meter lengre. Illustrasjon: Vard
Nytt

Verdas største yacht blir enda større

Vard skal levere Røkke-skip meir enn fem år etter skjema .

Marius Rosbach
10.11.2023

Vard har signert ny kontrakt for levering Rev Ocean-skipet som Kjell Inge Røkke har bestilt. Det kjem fram av ei pressemelding frå selskapet fredag ettermiddag.

Ny leveringsdato for skipet er februar 2025. Det betyr at skipet vil vere klart for drift mot slutten av 2026, blir det opplyst i meldinga.

Rev Ocean mai 2022 foto Marius Rosbach 11
LEVERAST I 2025: Vard skal vere ferdig med prestisjeskipet til Kjell Inge Røkke vinteren 2025 etter ei ombygging. Foto: Marius Rosbach

Skulle vore døypt i mai 2021
Skroget til det kombinerte yacht og forskingsskipet kom til Vard Brattvåg i 2019, og skulle etter opphavleg plan vore levert frå Vard i 2020.

På Haramskonferansen same år fortalde Nina Jensen i Rev Ocean til NETT NO at planen då var dåp i mai 2021 - og at absolutt siste frist for at skipet skulle vere klart, var september det året, då dei skulle delta på eit FN-arrangement i New York.

No ligg det an til at skipet kjem i drift meir enn fem år etter den opphavlege tidsplanen.

Blir verdas største yacht
Rev Ocean låg allereie an til å bli verdas største yacht med sine 183 meter.

Ifølgje den nye avtalen skal skipet byggjast om ved at det blir kutta i to – og truleg forlenga med 12 meter.

Ombygginga vil mellom anna føre til at hangaren på skipet blir større og får fleire vitskapsfunksjonar.

Kan bli sluttført ved Stavanger-verft
Vard skal sluttføre bygginga ved eit passande verft i Norge, blir det opplyst i meldinga.

Den endelege utrustinga skal skje ved eit passande verft, som vil bli avgjort seinare.

Ein rekke bedrifter på Nordvestlandet leverer utstyr til det som blir eit av verdas mest påkosta skip. Jensen har tidlegare uttalt at dei ønsker at skipet skal vere et utstillingsvindu for norske leverandører.

Vil bli et flytende utstillingsvindu for norske leverandoerer
STØRRE HANGAR: Nina Jensen (t.v.) er hyra inn som prosjektleiar i Rev Ocean. Etter ombygginga får skipet større hangar. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 10.11.2023 21:31

Sist oppdatert: 10.11.2023 22:43

Mer om