Gadus Group kjoeper Mowi anlegg
FÅR EIGEN SETTEFISK:  Ola Kvalheim (Co-CEO i Gadus Group), Finn Christian Skjennum (leiar for  Yngel og Settefisk i Gadus Group) og anleggsleiar Christian Svarstad i anlegget i Fosen aom no blir settefiskeanlegg til torskeoppdrett.
Nytt

Gadus Group kjøper Mowi-anlegg

Skal drive settefiskproduksjon til torskeoppdrett.

18.12.2020

Torskeoppdrettselskapet Gadus Group skal drette opp settefisken sin i eit anlegg i Fosen i Trøndelag. Det Mowi (tidlegare Marine Harvest) som sel anlegget, som vore brukt til oppdrett av såkalla rensefisk, fisk som beitar på lakselus hos laks i oppdrettsanlegg.

No skal torskeyngel vekse opp i anlegget, fram til den er klart til å bli sett ut i sjøen.

"Med dette anlegget vil vi bli en ledende aktør og sikrer både eget behov og muligheten til å selge topp kvalitet yngel til andre torskeoppdrettere. Vi har fått et veldig godt inntrykk av kompetansen, erfaringen og dedikasjonen til de ansatte på anlegget og ser også frem til å få med oss 12 nye fremdragende kollegaer i Gadus" skriv Ola Kvalheim, i ei pressemelding. Han er ein av to daglege leiarar, og medeigar i Gadus Group.

Milliardinvestering

Gadus Group planlegg å kunne levere 30.000 oppdrettstorsk i året frå og med 2025.

I tillegg til Kvalheim er selskapet etablert av Tor Olav Seim og Kenneth Brandal. Hovudkontoret er i Ålesund og planen er å ha oppdrettsanlegg både på Sunnmøre og i Nordfjord, i tillegg til eige slakteri og foredlingsanlegg.


Samla er det snakk om investeringar opp mot ein milliard kroner innan utløpet av 2025, pengar som mellom anna kjem frå investeringsselskapet FDC Capital, eit investeringsselskap eigd av den belgiske De Clercq-familien, som eig 75 prosent av Gadus Group.

Fire gangar større kapasitet

Anlegget på Fosen vil gjere kapasiteten til å produsere settefisk til torskeoppdrett fire gangar større enn i dag og fjerne ein flaskehals for vekst i torskeoppdrettsnæringa, skriv Kvalheim.

Satsinga på torskeoppdrett i større skala i Noreg tok slutt rundt 2009. Rikeleg med villtorsk og framleis vanskar med rømming og sjukdom fekk sjølv dei ivrigaste til å gi seg. Nokre av lokalitetane vart gjort om til lokalitetar for lakseoppdrett andre vart liggande brakk.

Men no er interesssa og investeringsviljen tilbake. Gadus Group planlegg "betydlige investeringer" i anlegget på Fosen i følgje pressemeldinga - eit anlegg som opphavleg vart bygt for torskeoppdrett.

Publisert: 18.12.2020 13:28

Sist oppdatert: 02.06.2021 15:27