Hovdenakk Maskinering starta 2018 med ein i arbeid. No er dei fire på lønningslista.
Driftsinntektene passerte 4,5 millionar kroner i fjor, og selskapet sat att med eit overskot før skatt på 0,7 millionar kroner. Driftsinntektene er til og med høgare enn før finanskrisa slo inn rundt 2008. (Då var selskapet eit enkeltmannsforetak).
- Det er større aktivitet hos dei vi vanlegvis handlar mest med, seier Olav Harald Hovdenakk om årsak til at den mekaniske industri-bedrifta i Åmdalen i Ørsta eit kraftig løft.
Det handlar om dreia og fresa metalldelar, der nøyaktigheita blir målt i 100-dels millimeter.
Etter oljeprisfallet og bråstoppen i offshoremarknaden krympa etterspørselen også for Hovdenakk Maskinering. Selskapet sikta seg inn på kundar i marknaden for fiskeri- og oppdrett.
Det gav ikkje heilt det løftet Hovdenakk hadde håpa på, men i løpet av av 2017 snudde stemninga hos dei tradisjonelle kundane, og sidan har det gått oppover.
- Året har byrja bra, seier han om starten på 2019.
I 2014 gjorde han enkeltmannsforetaket om til aksjeselskap og i 2015 flytta selskapet inn i sitt nye industribygg ved Vatnevatnet i Åmdalen.
Driftsinntektene passerte 4,5 millionar kroner i fjor, og selskapet sat att med eit overskot før skatt på 0,7 millionar kroner. Driftsinntektene er til og med høgare enn før finanskrisa slo inn rundt 2008. (Då var selskapet eit enkeltmannsforetak).
- Det er større aktivitet hos dei vi vanlegvis handlar mest med, seier Olav Harald Hovdenakk om årsak til at den mekaniske industri-bedrifta i Åmdalen i Ørsta eit kraftig løft.
Snudde i 2017
Hovdenakk Maskinering lagar mindre delar til gir- og propellprodusentar, som Rolls-Royce, Nogva Heimdal, Finnøy Gear & Propeller og Brunvoll.Det handlar om dreia og fresa metalldelar, der nøyaktigheita blir målt i 100-dels millimeter.
Etter oljeprisfallet og bråstoppen i offshoremarknaden krympa etterspørselen også for Hovdenakk Maskinering. Selskapet sikta seg inn på kundar i marknaden for fiskeri- og oppdrett.
Det gav ikkje heilt det løftet Hovdenakk hadde håpa på, men i løpet av av 2017 snudde stemninga hos dei tradisjonelle kundane, og sidan har det gått oppover.
- Året har byrja bra, seier han om starten på 2019.
Starta i reisskapshuset
Hovdenakk starta heime i reiskapshuset i 1997, samstundes som har dreiv gard og jobba i industrien. I 2002 avvikla han gardsdrifta og sa nokre år etter også opp hos Rolls-Royce, og satsa på heiltid.I 2014 gjorde han enkeltmannsforetaket om til aksjeselskap og i 2015 flytta selskapet inn i sitt nye industribygg ved Vatnevatnet i Åmdalen.
Publisert: 31.05.2019 15:41
Sist oppdatert: 07.04.2021 11:22