Havila Hotels eig hotell i Geiranger, Ørsta og på Grodås i Hornindal.
Alle tre driftsselskapa; Geiranger Hotelldrift, Hotell Ivar Aasen og Raftevold Hotel auka inntektene i fjor, men gjekk samstundes med underskot (sjå tabell).
Dei tre eigedomsselskapa, Geiranger Fjord Hotels, Hotell Ivar Aasen og Raftevold Hotel Eigedom, har derimot plussresultat.
Driftsselskapa har gjort opp uteståande til morselskapet etter covid-åra. Det er óg gjort ein del tyngre investeringar i dei tre driftsselskapa, i form av oppgraderingar og tiltak for å betre opplevinga til gjestane, skriv Havila Hotels-sjef Günther Dahler i ei tekstmelding til Nett No om 2024-resutlatata.
Meir samkøyring
«Utsiktene for i år er ok», skriv han i tekstmeldinga.
Hotella har samkøyrt drifta meir enn tidlegare og dei jobbar mot nokre fleire segment som ser ut til å slå positivt ut, ifølgje Dahler.
Til årets sesong har hotelllet i Geiranger totalrenovert 25 rom og 20 rom er pussa opp. Det ser selskapet allereie god effekt av, skriv Dahler.
Framover står oppgradering av fleire rom i Geiranger og første del av ei oppgradering av hotellrom i Ørsta på lista, ifølgje Dahler.
Store lån frå eigedomsselskapa
Ved utløpet av fjoråret har dei ulike eigedomsselskapa til Havila Hotels gitt kring 24,5 millionar i lån til driftsselskapa ved hotella til konsernet i Geiranger, i Ørsta og på Grodås.
Det kjem fram av rekneskapane til eigedomsselskapa for 2024, som blei offentlege tidlegare i år.
Geiranger Hotelldrift er tilført 14,4 millionar kroner i lån, Hotel Ivar Aasen er tilført 5,3 millionar og Raftevold Hotel er tilført kring 4,7 millionar. Ingen av hotellselskapa har ekstern gjeld.
| Geiranger Hotelldrift As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 40,9 | 38,2 |
| Driftsresultat | -2,6 | -3,1 |
| Resultat før skatt | -4,1 | -3,4 |
| Geiranger Fjord Hotels As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 11,3 | 10,1 |
| Driftsresultat | 8,5 | 7,0 |
| Resultat før skatt | 8,2 | 6,6 |
| Hotell Ivar Aasen As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 26,1 | 24,1 |
| Driftsresultat | -1,0 | -3,2 |
| Resultat før skatt | -1,4 | -3,1 |
| Hotell Ivar Aasen Eigedom As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 5,9 | 5,4 |
| Driftsresultat | 3,6 | 4,0 |
| Resultat før skatt | 0,6 | 0,7 |
| Raftevold Hotel As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 8,5 | 8,0 |
| Driftsresultat | -1,9 | -1,9 |
| Resultat før skatt | -2,6 | -2,0 |
| Raftevold Hotel Eigedom As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1,8 | 1,5 |
| Driftsresultat | 1,3 | 1,1 |
| Resultat før skatt | 1,6 | 0,8 |
Havila Hotels er eigd av Havila Holding. Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Publisert: 09.05.2025 14:44
Sist oppdatert: 09.05.2025 18:48






