Havila Hotel Geiranger innfelt vegard saevik illustrasjon nye rom
NYE ROM: Vegard Sævik (innfelt) i Havila-konsernet fortel at det er gjort oppgraderingar som er finansiert med interne lån. Bildet viser korleis dei nye hotellroma på Havila Hotel Geiranger skal bli når sesongen startar. Illustrasjon: Havila Hotels
Nytt

Har sprøyta nye millionar inn i hotelldrifta

Havila-konsernet førebur sesongen med oppgradering av Geiranger-hotell.

Marius Rosbach
20.02.2025

Havila Hotels held fram å satse. No får Geiranger-hotellet til konsernet ei solid oppgradering av 45 rom. 

25 rom blir totalrenovert og 20 rom får eit løft, ifølgje ei pressemelding frå Havila-konsernet.

I arbeidet blir det nytta lokale leverandørar som Wonderland, Rovde Møbel & Design, møbelprodusenten Brunstad og A.Sævik som har levert gardiner. 

Havila Hotel Geiranger opnar etter planen for sesongen den 10. april. 

Store lån frå eigedomsselskapa
Havila Holding i Herøy har dei siste åra investert i tre hotell på Nordvestlandet - i Ørsta, på Grodås og i Geiranger.

Ved utløpet av fjoråret har dei ulike eigedomsselskapa til Havila Hotels gitt kring 24,5 millionar i lån til driftsselskapa ved hotella til konsernet i Geiranger, i Ørsta og på Grodås. 

Det kjem fram av rekneskapane til eigedomsselskapa for 2024, som blei offentlege denne veka.  

Geiranger Hotelldrift er tilført 14,4 millionar kroner i lån, Hotel Ivar Aasen er tilført 5,3 millionar og Raftevold Hotel er tilført kring 4,7 millionar. Ingen av hotellselskapa har ekstern gjeld.

Fleire årsaker fortel medeigar
Medeigar og styremedlem Vegard Sævik i Havila Hotels opplyser til Nett No at det er fleire årsaker til låna. 

Alle hotellselskapa har mellomverande i løpet av eit år som følgje av at dei er fellesregistrert i momsregisteret. Overføringar mellom selskapa blir også nytta av skattemessige årsaker. 

Med sesongdrift på hotella er det vidare naturleg med interne avvik på fakturering og betaling av husleige. 

– Det har også vore investert i mindre oppgraderingar med meir, som vi har finansiert med interne lån, skriv Sævik i ein e-post. 

Underskot på hotelldrifta i 2023
Drifta ved alle dei tre hotella til konsernet gjekk med underskot i 2023, og eigenkapitalen til selskapa var i minus ved utløpet av året. 

I eigedomsselskapa er situasjonen motsett – og rekneskapane for eigedomsselskapa viste alle overskot i 2024.

Også Classic Norway-kjeda nyttar denne metoden å føre rekneskap på, der verdiane i hovudsak blir bygd opp i eigedomsselskapa. 

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Publisert: 20.02.2025 11:41

Sist oppdatert: 08.05.2025 10:44

Mer om