Ferje Geiranger foto Ogne
HEILÅRSTILBOD: Frå årsskiftet kan Geiranger få dagleg ferjesamband til Hellesylt også om vinteren, dersom Fylkesutvalet seier ja til fylkeskommunedirektøren sitt framlegg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Geiranger kan få vinterferje

Fylkeskommunedirektøren foreslår ei fast ferjerute mellom Hellesylt og Geiranger også vinterstid.

20.09.2021

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal handsamar framlegget i frå fylkeskommunedirektøren på møtet som startar i dag, måndag 20. september. Saka om Geiranger-ferja blir handsama tysdag 21. september.

Sjølv om tunellen som er under bygging på vegen mellom Eidsdal og Geiranger vil gi Geirangersamfunnet tryggare veg til omverda på vinterstid vil det framleis "vere utfordringar knytt til transportberedskapen vinterstid for dei som oppheld seg i Geiranger også etter at prosjektet Korsmyra-Indreeide er ferdigstilt, skriv fylkeskommunedirektøren i si innstilling til fylkesutvalet.

Meir ferje
Konklusjonen i framlegget er at Geiranger-samfunnet bør få eit fast dagleg ferjesamband mellom Geiranger og Hellesylt også i tida oktober - mars.

I tillegg til den ekstra tryggleiken eit slikt samband vil gi blir det også eit pluss for arbeidet med å auke vinterturismen i Geiranger, ifølgje innstillinga.

Direktesending frå møtet her (ekstern lenke)

I dag har fylket ein beredskapsavtale med Fjord1 om at selskapet kan sette i gang er rute mellom Geiranger og Hellesylt om vinteren, på fem timars varsel. Det er ei løysing som kan brukast når vegsambandet via Eidsdal er stengt, ikkje ei fast rute.

Tre-fire millionar
Fylkeskommunedirektøren vurderer det ekstrakostnaden med å etablere drive eit slikt vintersamband vil vere mellom tre og fire millionar kroner. Til skilnad frå den heilkommersielle sommarruta vil vintersambanden få offentleg støtte.

For å halde kostnadane nede ønsker fylkeskommunedirektøren at sambandet blir trafikkert med ei mindre ferje, som kan ta 20 personbilar.

Venta med utsleppskutt
I fjor avlyste Møre og Romsdal Fylkeskommune ein anbodskonkurranse om å få drive bilferjesambandet Geiranger-Hellesylt med ei ferje som ikkje skulle sleppe ut CO2.

Då var forventningane at sambandet skulle lysast ut på nytt i år, men onsdag 1, september vedtok samferdselseutvalet i fylket at dagens kontrakt skal forlengast frå 1. april 2022 til 31. desember 2025.

Grunngjevinga er mellom anna at det vil ta fleire år å få klare kaier som må til for å drive nullutsleppsferjer på Geirangerfjorden.

Publisert: 20.09.2021 10:36

Sist oppdatert: 20.09.2021 12:49