Ferje Geiranger innfelt jens berge foto Ogne marius 11
UT 2025: Først etter 2025 skal denne ferja erstattast med ei nullutsleppsferje. Selskapet The Fjords driv sambandet i dag. Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge (innfelt) går likevel vidare med planane om produksjon på Hellesylt.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Set nullutsleppsferje på vent igjen

Den gamle bilferja på Geirangerfjorden får segle ut 2025. Hydrogenselskap held fast på målet om produksjon på Hellesylt.

03.09.2021

Selskapet Norwegian Hydrogen har planar om å kunne produsere hydrogen på Hellesylt frå 2023.

Dei har håpa at ei ny ferje, driven av hydrogen, kunne bli den første store kunden.

I fjor avlyste Møre og Romsdal Fylkeskommune ein anbodskonkurranse om å få drive bilferjesambandet Geiranger-Hellesylt med ei ferje som ikkje skulle sleppe ut CO2.

Då var forventningane at sambandet skulle lysast ut på nytt i år, men onsdag vedtok samferdselseutvalet i fylket at dagens kontrakt skal forlengast frå 1. april 2022 til 31. desember 2025.

Grunngjevinga er mellom anna at det vil ta fleire år å få klare kaier som må til for å drive nullutsleppsferjer på Geirangerfjorden.

Oppstart 2023 ligg fast
Administerande direktør Jens Berge i Norwegian Hydrogen seier at planane om starte hydrogenproduksjon på Hellesylt frå 2023 ligg fast.

Dersom det blir slik at det ikkje kjem ei hydrogenferje på Geirangerfjorden før i 2026, må selskapet basere drifta si på dei andre kundane sine.

Om vedtaket i samferdselsutvalet vil forseinke starten på hydrogenproduksjonen på Hellesylt, seier Berge at andre kundar nok ynskjer å redusere utsleppa sine så snart råd er.

Norwegian Hydrogen har fire store eigarar med 21 prosent av aksjane kvar; Flakk Gruppen, Hexagon Purus, Tafjord Kraftproduksjon og Tryggestad Eiendom og Finans. Selskapet skal produsere, distribuere og drive fyllestasjonar for hydrogen. Planen er at det første produksjonsanlegget skal byggast på Hellesylt.

Kan gå på batteri
Det er selskapet The Fjords som søkte om at dagens avtale om å trafikkere strekninga Geiranger-Hellesylt skulle forlengast.

Selskapet har tidlegare sagt at det også kan trafikkere Geiranger-Hellesylt med eit batteridriven ferje, med lading berre på Hellesylt.

Då diskusjonen om ei nullutsleppsferje tok til, vart det rekna med at det ikkje var råd å drive ferja på batteri, fordi det manglar ladekapasitet i Geiranger.

Men The Fjords meiner altså at det er nok å lade på Hellesylt, og har batteridriven ferje som eitt av sine alternativ om selskapet skulle vinne konkurransen når ferjesambandet blir lyst ut.

Vil prioritere hydrogen
Berge vil ikkje kommentere The Fjords sine vurderingar rundt batteriferje og deira planar om å lade ei slik ferje i Hellesylt innan nullutsleppskravet vert innført i 2026.

Men han meiner det bør vurderast å innføre som eit vilkår når retten til å trafikkere sambandet blir lyst ut at ferja skal gå på hydrogen.

- Det handlar mellom anna om å få eit eksempel på at hydrogen er eit reelt alternativ som energikjelde for skip og båtar. Dette finst det jo eksempler på andre stader i landet, og vi tenker nok at det blir fleire etter kvart. Det er uansett synd for miljøet at ein vel å fortsette i fleire år med ei ferje som bidreg med betydelige utslepp når det ikkje er grunn til dette.

- Vi er klare med hydrogen i 2023, og kjenner aktørar som også ville hatt ei hydrogenferje og tilpassa kai anlegg klar til sesongen 2024, seier Berge.

Publisert: 03.09.2021 06:00

Sist oppdatert: 03.09.2021 11:27

Mer om