GIEK jaktar langsiktige loeysingar
ÅRETS SKIP: I 2015 vart DOF-skipet Skandi Africa kåra til Årets skip. GIEK garanterte for 80 prosent av lånesummen. No kjempar GIEK for å redusere tapa på sine store utlån og garantiar til offshoreselskapa.
Nytt

GIEK jaktar langsiktige løysingar

GIEK har store tap på offshorenedturen, og vil ikkje vere med på kortsiktige finansielle løysingar i bergingsaksjonane som pågår.

01.09.2016
- Som ein langsiktig og profesjonell forvaltar av garantiar må GIEK ivareta vår kredittposisjon, seier kommunikasjonssjef Allon Groth i GIEK.
Saman med bankane er GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) tungt inne med finaniering av kriseråka offshoreselskap.
Lokale offshorereiarar seier til NETT NO at GIEK er vel så harde som bankane i dei intense forhandlingane som pågår i håp om å få på plass refinanseringsløysingar som kan berge selskapa.
Allon Groth vil ikkje kommentere påstandar frå anonyme reiarar, men poengterer:
- Det er viktig at selskapa ikkje brukar avgrensa midlar på kortsiktige finansielle løysingar og lavare prioriterte kreditorar.
GIEK er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet og gir garantiar på vegne av staten. Oppgåva til GIEK er å fremme norsk eksport, sikre lokal verdiskaping og vere ein god finansiell partner og rådgivar for norske eksportørar.

Farstad-garantiar

GIEK har bidratt til finansieringa av ei lang rekkje offshoreprosjekt på Sunnmøre. Mellom dei som har fått solide GIEK-garantiar er Farstad Shipping.
Mellom anna har GIEK garantert for langtidsfinansiering på 406,7 millionar kroner for Far Sleipner og Far Sentinel, to av Farstad sine siste nybygg.

Les her:


Farstad har store tap og klarer ikkje å handtere gjelda på 11,5 milliardar kroner og der ein no forhandlar om avdragsutsetjing og rentereduksjon med GIEK, i tillegg til bankar som DNB, Nordea og Danske Bank.

Vert endå tøffare

Allon Groth seier at GIEK no arbeider tett med selskapa og partane for å kome fram til langsiktige og berekraftige løysingar for selskapa, men understrekar at det er næringa, ved eigarar, leiing og styre, som har hovedansvaret for å søke løysingsalternativ.
Han trur også at det vert endå tøffare tider.
- Det er ein betydelig overkapasitet i marknaden som vil auke ytterlegere neste år.

- Enkelte vil neppe klare seg

Groth seier at GIEK ser at selskap omstiller seg og tar nødvendige finansielle og organisatoriske grep for å handtere svakare marknader og tyngre gjeldsbyrde.
- Enkelte vil neppe klare seg gjennom krisa, medan andre vil skifte eigarskap.
Både Kjell Inge Røkke, John Fredriksen og Kristian Siem arbeider for å slå saman selskap og konsolidere bransjen. Røkke har kome lengst gjennom overtaking av Rem Offshore i allianse med Solstad Offshore.
- Konsolidering er eit anna muleg utfall, som krev at dei involverte selskapa finn berekraftige løysingar, seier Groth.

Vil bevare kunnskap og kompetanse

Trass i problema, meiner Groth at offshorenæringa vil vere viktig framover.
- Vi ønskjer at næringa som heilhet bevarer sin unike kompetanse og konkurransekraft fram til marknaden betrar seg.
- GIEK vil bidra til å sikre levedyktige selskap og bidra til å bevare kunnskap og kompetanse i næringa i Norge gjennom langsiktige løysingar.
Groth seier at i det enkelt selskap vil dei finansielle løysingane som partane i felleskap kjem fram til variere avhengig av det enkelte selskapet sin situasjon.
- Vi ønskjer å være ein konstruktiv part og har vore med på tilpasningar av covenants, avdragsutsettelsar, endring av kapitalstruktur eller liknande for å ta høgde for lavare inntekter og sikkerhetsverdiar.

87 milliardar i olje og offshore

Ifølgje GIEK sin årsrapport for 2015 utgjorde olje- og gassnæringa då 87 prosent av GIEK sin garantiportefølje på 100,2 milliardar kroner.
- Denne konsentrasjonen gir oss betydelege utfordringar når næringa opplever ein lavare kontantstraum som følgje av oppseiing av løpande kontrakter og færre nye kontrakter, seier Groth.
Han opplyser at ved siste årsslutt var reknskapsførde avsetningar på 4,8 milliardar kroner. Av dette var 2,5 milliardar kroner individuelle avsetningar og 2,3 milliardar kroner gruppevise avsetningar.
Groth opplyser at i løpet av 2016 har GIEK sin garantiportefølgje gått noko ned, blant anna på grunn av sterkare krone som reduserer kroneverdien av garantiar utstedt i utanlandsk valuta.
- Det er vidare redusert aktivitet innan olje og offshore som påvirkar inngangen av nye søknader, men det er mykje arbeid med restruktureringssaker.
Det er viktig at selskapa ikkje brukar avgrensa midlar på kortsiktige finansielle løysingar og lavare prioriterte kreditorar.

Publisert: 01.09.2016 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00